Befolkningseksplosjon kan bli trussel mot verdsfreden

Befolkningseksplosjonen i den tredje verda kan bli ein av dei største truslane mot verdsfreden dei neste åra.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Det var bodskapen frå både sivile og militære ekspertar, som denne veka var samla i Oslo.

Bekymring blant vestlege leiarar

Ein mann går tolmodig rundt i ein indisk by og samlar inn informasjon om kven som bur der. Han er ein del av eit av dei største prosjekta i landets historie, å finne ut kor mange som faktisk bur i India. Indiske styresmakter starta dette arbeidet i sommar, og det er ein enorm jobb i eit av verdas mest folkerike land.

Befolkningseksplosjonen i den tredje verda har blitt ei kjelde til bekymring blant vestlege leiarar, som må konstatere at stordomstida til Europa og Nord-Amerika kan vere over. Jack Goldstone, som er professor ved George Mason University, har også vore rådgjevar for den amerikanske etteretninga. Jack Goldstone, som er professor ved George Mason University, har også vore rådgjevar for den amerikanske etteretninga. Foto: TV 2

– Det er litt under sju milliardar menneske i verda i dag. Det vil vere rundt ni milliardar ved midten av hundreåret. Verdas befolkning vil altså auke med to milliardar, og heile auken blir i utviklingsland, ikkje i dei rike landa. Og dei fleste vil bu i land med svake eller ustabile regjeringar, det fortel Jack Goldstone, som er professor ved George Mason University. Han har også vore rådgjevar for den amerikanske etteretninga.

Han legg til at nesten halvparten av befolkningsveksten vil skje blant muslimar.

– Difor må konlikta mellom Vesten og islam løysast, for tala taler ikkje til vår fordel, seier Goldstone.

Politiske årsaker får skylda

Denne veka var militære og sivile leiarar og ekspertar samla til årets Army Summit i Oslo. Tema for konferansen var korleis den enorme befolkningsveksten kan utgjere ein trussel mot verdsfreden.

– Viss folk ikkje får tilgang til utdanning, jobbar og ei stabil regjering, vil verdsfreden truast, slår Goldstone fast.

Sjå kva den norske hærsjefen Per Sverre Opedal seier om saka i denne vekas utgåve av Korrespondenten.

Her får du også møte ein annan anerkjend professor, Robert Lieber frå Georgetown University. Han har i mange år forska på situasjonen i Midtausten, og no er han bekymra for den fastlåste fredsprosessen.

Israel har nekta å forlenge stansen av bygginga av nye busettingar på Vestbreidda, noko som kan føre til at palestinerane trekk seg frå dei nyleg gjenoppstarta fredssamtalane. Lieber gir indre politiske årsaker i Israel skylda for at byggestansen ikkje har blitt forlenga:

– Israel har ein kinkig koalisjonssituasjon. Netanyahu er langt meir pragmatisk enn mange observatørar ofte hevdar. Men han har ein sterk, høgrevridd utanriksminister: Lieberman.

Avigdor Lieberman skapte også overskrifter denne veka då han frå FNs talarstol foreslo å bytte ut arabiske byar i Israel med jødiske busettingar på Vestbreidda. Sjå talen og reaksjonane i Korrespondenten.

Regionale konflikter i Storbritannia

Programmet tar også for seg situasjonen i Labour etter at Ed Miliband blei valt til ny leiar.

– Det er avgjerande at Labour no klarer å få plass ein truverdig økonomisk politikk, fortel stipendiat ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Øivind Bratberg.

Å få bukt med den enorme statsgjelda blir sett på som den største og viktigaste utfordringa i Storbritannia i tida framover, og regjeringa har varsla at dei vil gjennomføre omfattande kutt.

Bratberg fortel at kutta vil ramme enkelte område langt hardare enn andre, og at dette difor kan føre til nye, regionale konflikter i Storbritannia.

I Korrespondenten får du også eit sterkt møte med Guatemalas fattige. Her møter du små born som ikkje har krefter til å stå på beina, fordi landet knapt har pengar til helse og andre sosiale basistenester. Årsaka er at landet ligg i toppsjiktet

når det gjeld korrupsjon. Korrupsjon bidrar til at utviklingsland blir tappa for ti gongar så mykje penger som dei nokon gong får inn i bistand. Den ulovlege pengestraumen frå fattige land endar som regel opp i Vesten. Dei fattige og hjelpelause borna i Guatemala er dei som sit igjen som taparane.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame