Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
I Zimbabwe blir kamera og mikrofon nærmast sett på som våpen.
Sikkerhetspolitiet, leia av president Robert Mugabe, slår hardt ned på kritiske røyster. Men det fins dei som tør seie ifrå. Columbus S. Mavhunga er ein slik.
- Det er ytringsfridom i Zimbabwe. Det er derimot ikkje fridom etter ytringa, fortel Mavhunga oss i bilen på veg mot Zimbabwes hovudstad Harare.
Se utenriksmagasinet Korrespondenten i videovinduet over.
Journalisten var vår lokale kollega då TV 2 var på reportasjereise i landet for nokre veker sidan.
- Å være journalist i Zimbabwe er nærmast som å vere soldat i ei krigssone. Ein veit aldri om ein kjem heim igjen, eller om ein kan bli skadd. Du kan bli arrestert utan grunn, seier han.
I det vi har sett oss i bilen låser Mavhunga dørene automatisk. Det gjer han alltid.
- Mugabe er ein frykta person. Han liker at folket fryktar han. Dersom du seier noko kritisk om presidenten kan alt skje med deg.
SE REPORTASJE: TV 2 i Zimbabwe
Og det er i dette klimaet journalistane jobbar. Og det fekk også TV 2 erfare. Etter å ha vore i gatene med kamerautstyr i berre fem minuttar kom ein representant frå sikkerhetspolitiet bort til oss. Han sjekka at vi hadde godkjenning frå styresmaktene for å snakke med folk i gatene.
Mavhunga arbeidde tidlegare for den uavhengige avisa Daily News. Avisa vart stengd av styresmaktene etter å ha trykt kritiske saker mot president Mugabe og hans regjering.
Den statlege avisa The Herald leverer ut propaganda, fortel Mavhunga oppgitt.
I dag arbeider han mykje for utanlandske medier.
Han fortel at han har ein stokk under senga heime, som han alltid tar med seg til døra når nokon bankar på.
- Eg har alltid døra låst når eg sitt og skriv, legg han til.
Foto: TV 2
| Publisert | 22.05.2009 22.15 |
| Oppdatert | 23.05.2009 00.10 |
