Nok ein politisk skandale er i ferd med å verta rulla opp i det gigantiske landet etter at tre høgareståande politikarar er avslørt i ei sexorgie med tre kvinner.

Virale bilete av virale menn

Kvinnene skal vera gift med dei tre mennene.

LES OGSÅ: TV-kanal trodde sexleke var legendarisk sopp

Bileta har dei siste dagane sirkulert på den kinesiske versjonen av Twitter, Weibo.

Faktisk er dei vorte så virale at dei kinesiske sensurmyndigheitene har vore nøydd til å blanda seg inn og sensurera søk på ord som nakenbilete og vulgære bilete etter dei virile politikarane. Langt over 100 bilete som ikkje overlèt noko til fantasien vart publisert på nettet.

Det skriv Huffington Post.

Personane på bileta skal mellom anna vera den lokale partileiaren i Lijuang, Wang Minsheng. Det er hevda at han har leia fleire slike orgiar. Han hevdar på si side at bileta er falske og at bileta kom fram som ein følgje av ei korrupsjonssak han handsamar.

Men ein av dei andre på bileta har innrømma at han og kona var med på orgia.

Myndigheitene sa fyrst at bileta var manipulerte, men stadfestar no at dei er ekte. Men at det ikkje er dei personane det vert hevda som er på bileta.

LES OGSÅ: Nå er kineserane desperate etter fleire jenter

No hevdar dei at det berre er snakk om fleire universitetstilsette, som er veldig like dei lokale partileiarane, som var med på orgia.

Sparka frå jobbane

Partimedlemskapet til dei som var med på den elleville sexorgien er no trekt tilbake.

LES OGSÅ: Dette ble forbudt i Kina

Wang Yu, som var nestleiar for Kinas kommunistiske ungdomsliga ved Heifei-universitetet og kona, som og var med på bileta, er og sparka frå jobbane sine. Det skriv partiavisa China Daily.

Kinesisk media er kraftig sensurerte, og plar ikkje skriva om andre saker enn dei som myndigheitene tillèt dei. Som når korrupsjon er avslørt.

Korrupsjon er nemlig svært utbreidd blant leiande partimedlemmer i Kina, noko som provoserar befolkninga.

– Folket mislikar dei politiske leiarane, og nokre rotne egg er med på å understreka det biletet, seier professor Ren Jianming ved Tsinghua-universitetet til avisa Global Times.

LES OGSÅ: Nordmenn vert teken på fersken i å ha sex på Ikea

Denne episoden var berre nok ei stadfesting for mange frustrerte kinesarar. For i desse dagar er kona til den tidlegare topppolitikaren Bo Xilai i retten, anklaga for å ha tatt livet av ein britisk forretningsmann.

22 personar arrestert

Den elleville sexorgia skal ha skjedd så langt tilbake som i 2007. Men bileta kom truleg på avveie når PC-en til ei av damene i orgien sendte PC-en sin til reparasjon. Politiet er no sett på saka for å komma til botn i saka. For i Kina er sex som involverer meir enn to personar forbode.

LES OGSÅ: Skaut og drap Kinas farlegaste mann

I 2010 vart mellom anna 22 personar arrestert etter å ha arrangert konebyttefest heime hjå ein 53 år gammal universitetslektor.

LES OGSÅ: Over hundre tatt for organhandel i Kina