NVE advarer om enorme vannmengder:
50-årsflom
i Sør-Norge
Norge blir rammet fra Agder til Nord-Trøndelag denne uken
Kvar elles?
Det er imponerande for kvar og ein folkevalgt og halda seg til makta i 15 år. Men i bygda Talkeetna i Alaska er løynda at borgarmeisteren er ein katt.
Kanskje har dei funne den perfekte måten å få meir ordna former i amerikansk politikk?
Historia starta i 1997, innbyggarane i den vesle kommunen var ikkje nøgde med kandidatane som kjempa om å verta ordførar i bygda.
Samstundes adopterte Lauri Stec ein katt utan hale, som ho døypte for Stubbs.
LES OGSÅ: Ferrari-Kungens skatteblunder avslørt
Det var ikkje berre Lauri som forelska seg i katten. Kort tid etter vart heile bygda forelska, og katten vart ført opp på valsetelen som ordførar i bygda, i staden for dei to du faktisk kunne stemma på.
Det skriv Time.com. For i USA kan du føra opp eigne kandidatar på listene, enn dei som alt står der.
Og katten er ein populær ordførar.
– Han hevar ikkje skattane våre, me har ingen moms, han er ærleg og han legg seg ikkje opp i forretningane våre, seier Stec.
LES OGSÅ: Glem hunden – nå er det førerponni som gjelder
Ikkje ein gong hundane i bygda bryr seg om at det er ein katt som er sjefen deira, sjølv om det er fleire hundar enn innbyggarar i bygda.
– Eg har aldri sett ein einaste hund gå til åtak på han, seier ein av dei forretningsdrivande i bygda til Time.com.
HER ER STUBBS SJEFEN: Det bur berre knappe 900 menneske i Talkeetna, men det er Stubbs som er sjefen. Foto: Frank K/Wikimedia Commons
Ordførar-katten fører og til at turistar stoppar innom i bygda, på veg til det høgaste fjellet i USA, Mt. McKinley.
Naturleg nok er det avgrensa med oppgåver for ordførar Stubbs, då Talkeetna vert rekna som eit historisk distrikt, og dermed er verneverdig.
LES OGSÅ: Omskårne menn får oftere sextrøbbel
Han vert heller ikkje rekna som ein hardtarbeidande ordførar. Han likar heller dei finare tinga i livet, som å drikka vatn ut av vinglas med kattemynte i, eller å verta klødd på magen av veljarane sine.
Ein av veljarane kallar Stubbs for veldig krevjande, overfor Time.com.
– Han treng mang ein kvil i løpet av dagen for å komma seg igjennom alle arbeidsoppgåvene han ikkje utfører, seier Skye Farrar.
Stubbs sine største politiske rivalar er truleg dei som hatar at katten kjem innom for å ta kvilen sin, og etterlet seg store mengder med kattehår overalt.
– Då pleiar me å seia at det må dei berre leva med. Det er han som er sjefen i bygda her, sluttar Farrar.
LES OGSÅ: Kjempeisfjell løsnet fra isbre
| Publisert | 18.07.2012 22.28 |
| Oppdatert | 19.07.2012 09.52 |
Norge blir rammet fra Agder til Nord-Trøndelag denne uken
