Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Minst åtte personar miste livet etter harder kampar mellom demonstrantar og soldatar
Soldatar storma på fredag kveld ein anti-militær protestleir utanfor parlamentet i Egypt. Der slo dei laus på kvinner, og kasta store klumpar av betong og glas mot demonstrantane frå tak rundt om parlamentet.
Angrepet skjedde berre dagar etter fleire millionar egyptarar brukte stemmeretten sin i parlamentsvalet.
Minst åtte demonstrantar mista livet i kampane, inkludert ein framståande muslimsk geistleg. Det skriv nyhendebyrået AP. 299 skal være skadd.
LES OGSÅ: Egyptisk blogger dømt til to års fengsel
Militæret i Egypt nektar for at dei har lausna skot. Dei hevdar og at dei var angrepet av demonstrantar som prøvde å bryta seg inn i parlamentet.
Andre augnevitne seier på si side at demonstrantane var rasande på grunn av at militæret hadde arrestert ein demonstrant og banka han grundig. Deretter skal soldatane ha sett fyr på fleire av telta til demonstrantane.
Angrepet var mot demonstrantar som i tre veker har hatt ein kampanje pågåande, der dei krev at militæret gjer frå seg makta i landet. Demonstrantane har mellom anna hindra nyvald statsminister Kamal el-Ganzouri i å byrja jobben sin.
Fleire av dei kvinnelege demonstrantane sette seg i vegen for militæret, som svara med å slå dei med køller. Ei kvinne skal ha blitt dradd vekk frå området etter håret.
LES OGSÅ: Egypt har løslatt 20.000 politiske fanger
– Det er ganske ironisk at militæret kastar steinar på demonstrantane like utanfor parlamentsbyggningen, der det heng eit skilt der det står at demokrati er folkets makt, seier Mustafa Sheshtawy, ein av demonstrantane, til AP.
SKÅR LAUS PÅ KVINNER: Soldatane slo laus på kvinner som var med å demonstrerte. Foto: Ahmed Ali/Ap
Det kjem rapportar om at dei militære styrkane som har tilhald på hustaka skyt med skarpt på demonstrantane.
– Eg vart dytta vekk av ein annan demonstrant, som deretter vart treft av ei kula i magen. Eg har blodet hans på nevane mine, seier Islam Mohammed.
Minst 222 personar vart skadd i kampane.
LES OGSÅ: USA solgte våpen, tåregass og kjemikalier til Egypt
Ein fryktar no at fredagens kampar kan vekka liv i gnissingane mellom dei revolusjonære og militæret, som tok makta etter at president Hosni Mubarak trakk seg den 11. februar.
– Så lenge egyptarane vert audmjuka og slått på gatene har ikkje revolusjonen nådd sine mål, og folk vil strøyma til gatene, seier Ziad el-Oleimim ein av aktivistane som og har sikra seg eit sete i parlamentet etter valet.
Det muslimske brorskapet, som er den førebelse vinnaren av parlamentsvalet fordømmer angrepet på demonstrantane.
BRUTALE: Militæret vert skulda for å gå brutalt fram. Foto: STR/Ap
| Publisert | 17.12.2011 00.05 |
| Oppdatert | 17.12.2011 10.07 |
