Eit vaskebyrå frå Lubbock i Texas vekkjer no merksemd over heile verda. Fyrst og fremst fordi det ikkje er snakk om eit tradisjonelt vaskebyrå. Desse vaskedamene vaskar huset ditt splitter nakne.

Selskapet starta opp i februar, og eigaren, Melissa Borret seier ho har fått tusenvis av telefonar av folk som vil ha nakne jenter til å vaska huset sitt for nokre hundrelappar.

Folk hissar seg opp

– Sjølv om dette gjer nokre folk forbanna, kjem eg ikkje til å gje meg, seier ho til den amerikanske fjernsynsstasjonen KAMC.

LES OGSÅ: Giftet seg kliss naken i massebryllup

Ho starta det uvanlege vaskebyrået då ho ikkje tente nok ved å jobba som servitør på ein nattklubb, og ho fann ut at ho kunne gjera det betre ved å starta for seg sjølv.

Ikkje overraskande har selskapet møtt ein god del kritikk i det puritanske Texas. Mellom anna vert det hevda at det er seksuelle tenester, medan andre hevdar at det ikkje er noko anna enn eit skalkeskjul for prostitusjon.

Men Borrett understrekar at det ikkje er noko anna enn huset som vert polert.

– Dette er ikkje seksuelle tenester. Det vert ikkje seksuelle tenester berre for di dei kler av seg, då skal det og vera kjønnsleg nyting, peikar ho på.

Dei fleste kundane er middelaldrande menn.

– Me er vaskehjelper som tilbyr vasking, matlaging, me tar klesvasken, vaskar klede og stort sett alle typar for husarbeid, seier ho.

– Skalkeskjul for prostitusjon

– Eg er overbevist om at me ikkje bryt nokre lover, legg ho til.

Men konkurrentane er ikkje imponert.

– Eg er heilt i mot det dei tilbyr. Eg trur dette berre er ein måte å driva ein prostitusjonsring, seier Brooke Nevarez som ein Tidy Lady Cleaning.

LES OGSÅ: Florida søker nakne europeere

Ho meinar at Borrett set bransjen i eit dårleg lys. I tillegg meinar ho det er uhygienisk å gjera husarbeid naken.

Ho får langt på veg støtte frå det lokale politiet.

– Det faktum at dei er topplause og kler av seg, er rett og slett ikkje lovleg, hevdar Jonathan Stewart i Lubbock-politiet.

Dei risikerer bøter på over 10.000 kroner om politiet bestemmer seg for å etterforska saka.

Borrett på si side, seier at dei har spesialrabattar for lovens lange armer.