Frigjevne danske gislar: 
– Vi kom oss trøtte, men heilskinna heim
KAPRET: Sju danskar blei kapra i Indiahavet, fire vaksne og tre born var om bord på båten. Denne veka er dei sju danske statsborgarane tilbake i Danmark. Bildet av seglbåten er frå 2009. Foto: DR

Frigjevne danske gislar: – Vi kom oss trøtte, men heilskinna heim

Det har fleire gonger vore voldsamme og dramatiske episodar, fortel dei i ei pressemelding.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

TILBAKE I DANMARK: Jan Quist Johansen var saman med familien og to andre seglarar på veg over Indiahavet då dei vart tatt til fange av somaliske piratar.TILBAKE I DANMARK: Jan Quist Johansen var saman med familien og to andre seglarar på veg over Indiahavet då dei vart tatt til fange av somaliske piratar. Foto: Mie Neel/Ap Denne veka kom dei sju danske seglarane som har vore i fangenskap på Afrikas Horn tilbake til Danmark. For fyrste gong uttaler dei sju danskane seg om det siste halve året, ifølge den danske avisa Politiken.dk.

Del på facebook

Samhaldet som gruppe har hjelpt dei

I ei pressemelding fortel dei at dei etter omstendene har det godt, og at dei fleire gongar har vore igjennom voldsamme og dramatiske episodar.

– Men fordi vi har vore samla som ei gruppe har vi fortløpande klart å bearbeida opplevingane. Vi føler derfor at vi kjem trøtte, men heilskinna heim, heiter det i pressemeldinga.

E-posten er signert med familien Quist Johansen, Viktor Greir og Rune Lund, skriv Politiken.

Les også: Skrev i dagboka like før kapring: «Vi er IKKE blitt kapret av pirater»

Overfor avisa har danske UD stadfesta at det er dei tidlegare danske gisla som er avsendar av e-posten.

Piratar skal ha fått 15 millionar kroner

Det var i slutten av februar at seglturen fekk ein dramatisk stopp for dei sju danskane. Piratane hevdar at dei fekk kring 15 millionar danske kroner i lausepengar for dei sju danske statsborgarane.

I pressemeldinga skriv Quist Johansen, Greir og Lund at det har vore vanskelege forhandlingar mellom deira familiar og dei somaliske piratane. Dei blei kapra på veg til Salalah i Oman, 200 sjømil frå deira mål og er etter den tid blitt halde på eit kapra frakteskip.

Dei frigjevne danskane skriv vidare at dei treng å koma tilbake til kvardagen og ber om forståing og respekt frå pressa i den næraste tida. Dei takkar familiane sine, som i tillegg til å ha vore gjennom ei vanskeleg tid, har kjempa for å få dei tilbake. Til slutt takkar dei alle andre som har hjelpt og støtta dei og familiane deira.

Les meir: Dansk barnefamilie er løslatt av somaliske pirater



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Dansk barnefamilie er løslatt av somaliske pirater

Har vært holdt som gisler i syv måneder.

– Dansk skip angrep pirater og friga gisler

Det danske marinefartøyet Esbern Snare har vært i kamp med et piratskip utenfor Somalia. Fire pirater ble drept, ti andre såret, mens 16 iranske gisler ble satt fri.

– Forhandler med piratene

Kan tilby piratene amnesti mot løslatelse av de sju danskene, ifølge somalisk borgermester.

Skrev i dagboka like før kapring: «Vi er IKKE blitt kapret av pirater»
Skrev i dagboka like før kapring: «Vi er IKKE blitt kapret av pirater»

Dagen etter sendte familien ut eit nødsignal.

Pirat: – Den danske familien er i sikkerhet

Den danske barnefamiliens båt ble kapret av pirater i forrige uke.

Danske piratgisler kan bli løslatt denne uken

Den danske barnefamilien som ble kapret av somaliske pirater, kan bli kjøpt fri.

 

reklame