Flytende luksus for ni milliarder

Verdas største cruiseskip kastar loss.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Verdens største cruisebåt ruver ved kaia ved verftet i Finland.Verdens største cruisebåt ruver ved kaia ved verftet i Finland. © TV 2 Onsdag blei verdas største cruiseskip «Oasis of the Seas» overlevert frå skipsverftet i Finland til reiarlaget Royal Caribbean Cruise Line. Fredag morgon legg gigantskipet ut på overfarta til heimehamna i Fort Lauderdale, Florida.

Det er eit overveldande syn som møter oss når vi går om bord i Oasis of The Seas ved STX Europe sitt skipsverft i Turku, Finland. Fleire tusen arbeidarar myldrar til og frå i kampen mot klokka. Skipet må gjerast klart til å gå fredag morgon.

Central Park

Teatersalen har plass til nesten 1400 gjester.Teatersalen har plass til nesten 1400 gjester. © TV 2 Inne i skipet kan vi spasere i det som gir namn til «Havets Oase». Her er ein park inspirert av Central Park i New York.

I Turku er det for kaldt til å gjere parken grøn, men når skipet kjem til Florida skal det plantast ut 57 tre, sju meter høge og over 12000 planter og vekstar av ulikt slag.

Vannshow i Aqua Theater

I akterenden er det bygt eit enormt teater i friluft med basseng. Her kan publikum oppleve vannshow med stuparar som kjem frå stor høgder og vannsøyler som stig mot den karibiske himmelen.

Det meste er stort om bord. Lysekrona er intet unntak.Det meste er stort om bord. Lysekrona er intet unntak. © TV 2 – Dette skal bli spektakulært. Vi skal ta underhaldning på cruiseskip over i ein ny dimensjon, fortel cruisedirektør Ken Rush. Han er ansvarleg for underhaldninga om bord.

– Bedre enn Broadway

– I Opal teateret, som har plass til 1400 menneske, skal vi setje opp Broadway musikalar som «Hairspray» og «Come fly with me». Det blir betre enn Broadway, seier den entusiastiske cruisedirektøren som også byr på show på ein eigen isstadion om bord.

Prislapp: 9 mrd kroner

«Oasis of the Seas» kostar 9 milliardar kroner og er 360 meter lang. Skipet kan ta 6360 passasjerar, men vil truleg sigle med rundt 5400 ifølgje reiarlaget. Over 5000 nordmenn har alt bestilt tur om bord. Skipet skal gå i ruta St. Thomas, St. Martin, Nassau, Bahamas med start i Fort Lauderdale, Florida. I vinterferien neste år blir 630 nordmenn med. Skøytebane om bord hører med.Skøytebane om bord hører med. © TV 2

Siste finish

Skipet, som har eit mannskap på 2100, kjem til å bruke 12 dagar på overfarten til USA. Laurdag kl 21.30 passerer Oasis Storebæltbrua med ei klaring på kun 1,5 meter med nedsenka skorsteinar. Overfarta skal brukast til siste finpuss før skipet er klar til cruise i byrjinga av desember.

LES OGSÅ: Gigantbåt er for høy for brua



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Gigantbåt er for høy for brua
Gigantbåt er for høy for brua
 
Comments powered by Disqus

reklame