PÅ BØRS: Det er berre ein månad sidan Facebook gjekk på børs. Difor var det svært viktig for dei å komma fram til eit fornuftig resultat med dei fem som saksøkte dei. På trass av dette har kursen til Facebook berre peika ein veg sidan lanseringa. Nedover.
PÅ BØRS: Det er berre ein månad sidan Facebook gjekk på børs. Difor var det svært viktig for dei å komma fram til eit fornuftig resultat med dei fem som saksøkte dei. På trass av dette har kursen til Facebook berre peika ein veg sidan lanseringa. Nedover. Foto: Scanpix

Facebook må ut med 60 millionar kroner for dine «likes»

Bryt bevisst lovene i California. Betalar seg ut av problema.

Del med andre:
Twitter Epost Del Facebook
 

Ved å betala seg ut av problema, inngår dermed Facebook forlik i ei rettssak, melder Reuters.

Saka går på brukaranes rettar til å sjølv kontrollera bruken av deira «likes», namn og bilete. Eller for å seia det ein smule meir tungvint, informasjon som brukarane gjer frå seg om kva personar, produkt eller haldningar dei likar.

LES OGSÅ: Hva har Norge og store deler av Afrika til felles?

Informasjon som Facebook brukar kommersielt.

IKKJE BRA: Om du trykkar «likar» på noko på Facebook, er det stor sjanse for at det dukkar opp på vennene dine sin vegg. No har Facebook gått med på å betala 60 millionar kroner til veldedige stiftelsar for å få lov til å halda fram med det.IKKJE BRA: Om du trykkar «likar» på noko på Facebook, er det stor sjanse for at det dukkar opp på vennene dine sin vegg. No har Facebook gått med på å betala 60 millionar kroner til veldedige stiftelsar for å få lov til å halda fram med det. Foto: Scanpix

Det var fem Facebook-brukarar frå delstaten som gjekk til søksmålet på bakgrunn av at dei ikkje sjølve fekk betalt for at Facebook delte deira preferansar, samt at dei ikkje kunne velja å seia nei til bruken av dette.

Ei sponsa historie er det som dukkar opp på veggen din, der din ven har anbefalt eit produkt eller liknande ved å trykka «likar» på det.

LES OGSÅ: Meglerhus: – Vent med å kjøpa aksjer i Facebook

Fleire milliardar kroner stod på spel i denne saka. Og Facebook innrømte sjølv i rettspapira at ein reklame der dine Facebook-vener trykkar «likar» på, er verdt to og tre gonger så mykje som ein vanleg Facebook-annonse.

No har altså dommaren i saka avgjort at dette er private opplysningar.

«Alle» er på Facebook: 2,5 millionar nordmenn og snart ein milliard menneske verda over er på Facebook. Difor betyr det mykje for selskapet at dei kom fram til ei ordning med saksøkarane frå delstaten med over 55 millionar innbyggarar. «Alle» er på Facebook: 2,5 millionar nordmenn og snart ein milliard menneske verda over er på Facebook. Difor betyr det mykje for selskapet at dei kom fram til ei ordning med saksøkarane frå delstaten med over 55 millionar innbyggarar. Foto: Scanpix

– California har lenge anerkjent ein persons rett til å beskytta namnet sitt og deira interesser med tanke på å verta brukt av andre til deira vinning, seier Lucy Koh, dommar i saka.

LES OGSÅ: Så mye er du verdt for Facebook

Forliket kom i stand for over ein månad sidan, men har ikkje vore kjent før no.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
Disqus sitt kommentarsystem.

DIREKTESTUDIO: Følg flomdramaet  

NVE: – Situasjonen
er svært kritisk

• Drammenselva er 39 cm unna kritisk nivå

• Oslo og Akershus i kriseberedskap

Har du bilder eller video? Tips oss! SMS/MMS: 02255 | 02255@tv2.no

  

Slik kommer du deg fra
Oslo til Trondheim

Oversikt: 60 veier er stengt

  

– Rakk bare å ta
med bleier og
mobiltelefon

TV: Flommareritt for Lars og familien

  

– Ser ut som
en krigssone

21 evakuert etter jordras i Nesbyen

Se bildene av flommens herjinger:


reklame