HOMO-HJELP: Britanes statsminister vil nekta u-hjelp til land som forbyr homofili. Han får støtte frå statsminister i Canada, Stephen Harper.
HOMO-HJELP: Britanes statsminister vil nekta u-hjelp til land som forbyr homofili. Han får støtte frå statsminister i Canada, Stephen Harper. Foto: HOWARD MOFFATT/Afp

Vil nekta land som forbyr homofili u-hjelp

Storbritannia set hardt mot hardt i homofilispørsmålet.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Statsminister David Cameron tok opp temaet når leiarane for det tidlegare britiske samveldet møttest i Australia, skriv The Guardian.

Del på facebook

Cameron seier at dei har sett på presset, men at han ikkje reknar med at dei vil ha klart å løysa problemet innan leiarane skal møtast igjen i Sri Lanka i 2013.

Får frist på seg

Sri Lanka er mellom landa som Cameron krev at forbetrar seg når det kjem til menneskerettar. Om ikkje vil Storbritannia boikotta landet frå og med 2013.

LES OGSÅ: Homoaktivist Frank Mugisha får Raftoprisen for 2011

Han vil ikkje seia til avisa om han faktisk kjem til å halda seg vekk frå konferansen eller ikkje, men seier at han deler det same synet som Canadas statsminister Stephen Harper, som har sagt at han ikkje kjem til å delta i 2013.

Det å få slutt på forbodet mot homofili og å betra menneskerettar generelt, vert sett på som eit av dei viktigaste punkta for å redda restane av Det britiske samveldet, kjem det fram i ein rapport.

LES OGSÅ: Indisk helseminister: – Homofili en sykdom

– Storbritannia er ein av dei største gjevarlanda i verda, og me vil at land som tek i mot hjelpa vår skal støtta menneskerettane. Og dette er ein av dei tinga som vil avgjera vår politikk framover, seier Cameron i følgje avisa The Guardian.

– Dette er eit tema der me jobbar for å få til endringar. Me er førebudd på å bruka pengar på noko me trur på. Men eg er redd for at du ikkje får nasjonar til å endra seg natta over, seier han.

Djupe fordommar

Cameron har alt snakka med fleire statsleiarar i Afrika. Samt at hans utanriksminister, William Hague, og kjem til å legga press på statsleiarane.

– Eg forventar at noko har skjedd innan 2013. Men eg trur ikkje at me på to år klarar å løysa dette problemet, innrømmer han.

– Me snakkar om djupe fordommar i visse land, peikar han på.

LES OGSÅ: Malawi benåder straffedømte homofile

– Men no har dei vunne over Dei tamilske tigrane, no har de ein moglegheit til å visa storsinn og visa for resten av verda at de ikkje har noko å skjula. Difor er det viktig at me legg press på denne saka, seier Cameron.

– Det er no opp til Sri Lanka å visa vidare framgang, slik at dei kan ta i mot flest mogleg land til konferansen i 2013, sluttar Cameron.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Kom ut av skapet på direkten
Nyhetsanker kom ut av skapet på direkten

Inspirert av Hollywood-stjernen Zachary Quinto som også er ute nå.

Homoaktivist Frank Mugisha får Raftoprisen for 2011
Homoaktivist Frank Mugisha får Raftoprisen for 2011

Organisasjonen SMUG ved leder Frank Mugisha får prisen for å kjempe for homofiles rettigheter i Uganda.

Fotballspiller gikk lei homofobi - ble pornostjerne
Fotballspiller gikk lei homofobi - ble pornostjerne

– Fotballverdenen er ikke klar for homofile spillere, sier Jonathan De Falco.

Indisk helseminister: – Homofili en sykdom
Indisk helseminister: – Homofili en sykdom

Indiske aktivister for homofiles rettigheter er i harnisk etter at landets helseminister kalte homofili «en sykdom brakt til India fra utlandet».

David kan få dødsstraff fordi han er homofil
David kan få dødsstraff fordi han er homofil

Ugandas folkevalgte skal ta stilling til et nytt lovforslag der det åpnes for å straffe enkelte homofile med døden.

Malawi benåder straffedømte homofile
Malawi benåder straffedømte homofile

Steven og Tiwonge ble dømt til 14 års fengsel etter at de forlovet seg.

Saudi-prins dømt for sexdrap på homofil elsker
Saudi-prins dømt for sexdrap på homofil elsker

Den homofile saudiarabiske prinsen Saud Abdulaziz bin Nasser al Saud er dømt for å ha slått i hjel sin tjener Bandar Abdulaziz (32) på et luksushotell.

Vern av homofile strøket fra FN-resolusjon
Vern av homofile strøket fra FN-resolusjon

Norges FN-ambassadør Morten Wetland er opprørt over at en henvisning til homofile er fjernet fra en resolusjon om beskyttelse mot drap og henrettelser.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame