Vil ha dansk utanriksminister på bana i smørskandalen
TAKK SOM SMØR: Danskane vil at utanriksminister Villy Søvndal skal oppretta luftbru frå Danmark til dei største byane i Noreg med smør. Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX/AFP PHOTO / BRITTA PEDERSEN GERMANY OUT/Heiko Junge / SCANPIX

Vil ha dansk utanriksminister på bana i smørskandalen

Danskane vil hjelpa Noreg ut av smørkrisa vår. Vil byta dansk smør mot norsk olje.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

Danskane har fått med seg den norske smørskandalen der me, berre veker og dagar før jol, omtrent er tomme for smør.

Del på facebook

Tine meierier har produsert heile 25 millionar liter mindre mjølk enn i eit normalår, noko som har skapt problem for dei som skal baka til jol.

Arla nektar å hjelpa

Dette har ført til at Noreg har vore nøydde til å letta på tollmuren sin og importera smør frå Belgia. Den danske meierigiganten Arla på si side blånektar å hjelpa Noreg.

LES OGSÅ: Kutter melkeavgift for å løse smørproblemet

Den danske avisa Berlingske Tidende skriv at Arla har fått fleire henvendingar frå Noreg, men at dei ikkje er interessert å produsera smør for den norske marknaden.

Saka held fram under biletet

KRISE: Men no vil danskane hjelpa oss.KRISE: Men no vil danskane hjelpa oss. Foto: Poppe, Cornelius/SCANPIX

Dette får lesarane av den danske avisa til å minna Arla på at i 1998 var det Noreg som hjelpte danskane som då hadde ei lita gjærkrise på gang.

LES OGSÅ: Desperate nordmenn til Sverige for å kjøpe smør

Lesarane er fulle av kreative forslag, mellom anna seier fleire av lesarane at dei vil ha med seg litt smør i kofferten neste gong dei skal til Noreg. Andre meinar meinar at Noreg bør få gratis smør frå Danmark som takk for hjelpa i 1998.

– Eg tykkjer at utanriksminister Villy Søvndal skal fylla nokre Herkules-fly med smør og fly naudsendingar med smør til alle større norske byar, meiner eine lesaren til avisa.

«Smør for olje»

Andre krev litt meir for smøret. Dei meinar at det bør etablerast ei «smør for olje-løysing».

Men ikkje alle vil dela smøret sitt. Ein lesar hevdar at Noreg stal olja frå danskane, så me skal ikkje få deira danske gull, smøret.

LES OGSÅ: Småprodusenter tjener fett på smørmangel

Avisa har laga ei avstemming, der dei spør om danskane skal hjelpa Noreg med smørkrisa. Til no har over 7300 menneske svara, og berre 40 prosent meinar at me skal få hjelp.

Heile 36 prosent meinar at me kan steika i vårt eige fett.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Johnny fant 30 kilo smør i strandkanten
Johnny fant 30 kilo smør i strandkanten

TV 2s reporter smakte på den ettertraktede varen – 67 år etter at den gikk ut på dato.

Kutter melkeavgift for å løse smørproblemet
Kutter melkeavgift for å løse smørproblemet

Som et nytt grep for å avhjelpe smørmangelen, fjerner Landbruksdepartementet den såkalte overproduksjonsavgiften på melk.

Desperate nordmenn til Sverige for å kjøpe smør
Desperate nordmenn til Sverige for å kjøpe smør

Ja, så ille har det blitt.

Sikrer smør til julebaksten
Sikrer smør til julebaksten

For å bøte på smørmangelen i hele landet setter Statens landbruksforvaltning ned tollsatsen for smør til 4 kroner i hele desember.

Småprodusenter tjener fett på smørmangel
Småprodusenter tjener fett på smørmangel

Tines trøbbel med å produsere nok smør gir gode tider for småprodusentene før julebaksten.

Dårlig melkesalg for Tine
Dårlig melkesalg for Tine

Tine svekket resultatet med 5,8 prosent.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame