Veit ikkje kor mange som var om bord i «Costa Concordia»

Berre åtte av 15 omkomne etter «Costa Concordia»-forliset er identifisert. Årsaka kan vera at det var mange uregistrerte passasjerar om bord.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Det var truleg fleire uregistrerte passasjerar om bord i «Costa Concordia», som gjekk på grunn for snart to veker sidan.

Det betyr og at det kan vera fleire sakna om bord enn kva som har vore kjent til no. Det melder fleire europeiske aviser, mellom anna The Independent.

Del på facebook

Måndag vart to nye personar funne omkomne

Dei to kvinnene blei funne i nærleiken av internettkafeen på fjerde dekk, opplyser Franco Gabrielli, leiaren for det italienske sivilforsvaret.

Costa Concordia grunnstøytte og kantra ved den italienske øya Giglio 13. januar. Ifølgje passasjers- og mannskapslistene var det 4.229 menneske frå 60 forskjellige land om bord då skipet gjekk på grunn.

Dei førebelse tala visar at 15 personar har mista livet etter grunnstøytinga. 17 personar er meldt sakna, melder nyhendebyrået AP.

LES OGSÅ: Fant død kvinne iført redningsvest i havaristen

Men det talet kan vera høgare.

– Det kan vera eit ukjend antal passasjerar om bord som me ikkje veit om, som var om bord uregistrert, seier Gabrielli.

Saka held fram under biletet

LEITAR: Dykkarar tok seg i dag inn i skipet for å leita etter omkomne. Spørsmålet no er kor mange dei eigentleg leitar etter.LEITAR: Dykkarar tok seg i dag inn i skipet for å leita etter omkomne. Spørsmålet no er kor mange dei eigentleg leitar etter. Foto: HANDOUT/Reuters

Gabrielli viser til slektningar til ei ungarsk kvinne dei hadde snakka med. Kvinna skal ha ringt til familiemedlemmane sine frå skipet, og dei har ikkje høyrd frå ho sidan.

Gabrinelli seier liket hennar kanskje er eit av dei som vart henta opp av sjøen på laurdag. Då vart mellom anna kroppen til ei kvinne som framleis ikkje er identifisert henta opp.

Men dette vert avvist av offiserar som jobba om bord «Costa Concordia».

– Alle var registrerte

– Alle som var om bord vart fotografert og registrert. Alt skjer elektronisk, seier Manrico Giampedroni, ein av offiserane som vart skadd i kantringa til det italienske nyhendebyrået ANSA.

Blant dei sakna er ein italiensk far og hans fem år gamle dotter, eit eldre amerikansk par, fleire franskmenn og to frå mannskapet.

– Passasjerar kan ha blitt invitert om bord av nokre frå mannskapet i siste minutt, antyder Francesca Maffini, talsperson for Gabrinelli i følgje The Telegraph.

HØR LYDLOGG: Her ber de passasjerene om å gå tilbake til lugarene

Ein annan teori er passasjerar som har kome rett før skipets avgang er vorte registrert som dei skal, men at informasjonen ikkje er vorte sendt til reiarlaget, då båten gjekk på grunn berre nokre timar etter avgang.

Saka held fram under biletet

LEITAR: Kapteinen om bord skal ikkje ha vore rusa, visar testar. Her er dykkarar inne i gigantskipet.LEITAR: Kapteinen om bord skal ikkje ha vore rusa, visar testar. Her er dykkarar inne i gigantskipet. Foto: HANDOUT/Reuters

Ein tredje teori, som vert rekna for lite truleg, er at fleire av mannskapet på skipet jobba ulovleg, og dermed ikkje registrert som dei skal. Fleire av dei tilsette var frå land som India, Bangladesh, Indonesia og Fillipinane.

– Det er svært uvanleg i dag å ha uregistrerte arbeidarar om bord i skip i Middelhavet. Om dette skulle visa seg å stemma vil det setja heile industrien i eit dårleg lys, seier kaptein Syamantak Bhattacharya ved Universitetet i Plymouth til The Telegraph.

Kapteinen var ikkje rusa

Cruise-ekspert Phil Davis stiller seg og tvilande til teorien om at folk skal ha blitt smugla om bord i skipet.

– Det er lagt opp til overvaking av passasjerane, for å registrera når dei går av og på skipet. I tillegg er slike skip ei pengelaus verd. Alt vert sett på kortet ditt, peikar han på.

LES OGSÅ: Kapteinen: – Jeg rømte ikke fra båten, jeg snublet

På måndag vart det og kjent at det var gjennomført ein alkotest av kapteinen på båten, Francesco Schettino, etter spekulasjonar om at han var rusa.

Men testar visar no at han ikkje hadde rusmidlar i blodet, ifølgje forsvararen Bruno Leporatti.

Sivilforsvaret gav måndag grønt lys til å byrja å pumpa ut 2.380 tonn drivstoff frå skipet i eit forsøk på å forhindra omfattande lekkasjer og miljøkatastrofe. Ifølgje kystvakta kan det ta fire veker å tømma drivstofftankane, og arbeidet var ikkje venta å starta før på tysdag.

KVILAR: To italienske soldatar tek seg ein kvil i bakken, med gigantskipet i bakgrunnen.KVILAR: To italienske soldatar tek seg ein kvil i bakken, med gigantskipet i bakgrunnen. Foto: Pier Paolo Cito/Ap



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Fant død kvinne iført redningsvest i havaristen
Fant død kvinne iført redningsvest i havaristen

Dykkere fant en omkommet kvinne lørdag, og en ny kvinne søndag om bord i det kantrede cruiseskipet Costa Concordia.

Kvinne funnet død i Costa Concordia
Kvinne funnet død i Costa Concordia

Liket av en kvinne ble funnet om bord i det kantrede cruiseskipet Costa Concordia i Italia lørdag.

Her ber de passasjerene om å gå tilbake til lugarene
Her ber de passasjerene om å gå tilbake til lugarene

Passasjerene på Costa Concordia fikk beskjed om at alt var under kontroll og at de kunne returnere til lugarene sine.

Ny lydlogg: Mannskapet på Concordia sa de bare hadde strømbrudd
Ny lydlogg: Mannskapet på Concordia sa de bare hadde strømbrudd

Avslo tilbud om hjelp fra havnevesenet.

Kapteinen: – Jeg rømte ikke fra båten, jeg snublet
Kapteinen: – Jeg rømte ikke fra båten, jeg snublet

Kapteinen som anklages for å ha flyktet fra det forliste cruiseskipet, sier nå at han snublet og falt ned i en livbåt.

Lydloggen: – Nekter du å gå om bord, kaptein?
Lydloggen: – Nekter du å gå om bord, kaptein?

Lydloggen avslører at den italienske kystvakta var rasende på kaptein Schettino fordi han forlot cruiseskipet.

Cruisekaptein utskjelt i italienske medier
Cruisekaptein utskjelt i italienske medier

Francesco Schettino, kapteinen på det forliste cruiseskipet Costa Concordia, er Italias mest forhatte mann. Det fastslår avisa Corriere della Sera.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame