Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Kevin, som sjølv har brukt store deler av livet sitt på sjukehus, ville gje noko til dei andre borna som framleis må bu på sjukehus i jola.
– Eg tenkte at sidan eg har lege så mykje på sjukehus, ville eg gjera noko godt for dei som ligg der no, slik at dei kan få ei god tid der, seier den vesle guten til svensk TV 4.
– Eg tykkjer det var utruleg bra gjort av ein gut på elleve år som har spart lommepengane sine, og panta flasker sidan i vår, og no har kjøpt presangar til avdelinga vår, seier Gullan Andersson, sjukepleiar på Hudiksvall sjukehus.
LES OGSÅ: Gunvor (73) gir til de fattige
Kevin Hansson vart fødd med mage og tarmsjukdom, som gjorde at kroppen hans hadde problem med å halda på maten. Frå han var tre veker gammal har han brukt lang tid på ulike sjukehus.
Fyrst då han var sju år gammal kunne han byrja å bruka meir tid heime med familien.
No hugsar han den tunge tida på sjukehuset, og bestemte seg for å gjera noko med det.
LES OGSÅ: Åse er julegavedetektiv
Sidan i vår har han spart alle lommepengane sine og han har panta flasker. Då han tømte sparegrisen sin før jol, hadde han klart å spara opp rundt 900 kroner som han brukte for å kjøpa jolapresangar til borna for.
IMPONERT: Gullan Andersson, sjukepleiar på Hudiksvall sjukehus, er imponert over vesle Kevin.
Foto: TV 4
| Publisert | 23.12.2011 18.44 |
| Oppdatert | 23.12.2011 18.44 |
