Det seier en talsmann i det svenske tryggingspolitiet til NRK.no.

– Eg kan stadfesta at det ikkje er den navngitte personen, seier vakthavande befal ved det svenske tryggingspolitiet SÄPO, Clas Ohlsson, til NRK.no.

Det var avisa Times of Israel som fyrst skreiv at opplysningane kom fram i bulgarsk media kort tid etter at statsminister Benjamin Netanyahu gjekk ut og sa at det var Iran som stod bak bomba.

Opplysningane var ikkje mogleg å få stadfesta andre plassar.

Den påståtte terrorbombaren Mehdi Ghezali er svensk statsborgar og har algeriske og finske foreldre.

Arrestert i Pakistan to gonger

Han sat innesperra på Guantanamo Bay frå 2002 til 2004.

LES OGSÅ: Terrormistenkte svensker pågrepet i Pakistan

Etter 930 dagar i fangeskap vart han ikkje lenger ansett som ein trussel mot USA, og han vart transportert heim til Sverige av svenske myndigheiter.

Så seint som i 2009 vart han arrestert i Pakistan saman med to andre svenskar.

Før han vart fengsla på Cuba skal han ha vore aktiv på muslimske religiøse skular i Storbritannia, før han reiste til Saudi Arabia og Afghanistan før han vart arrestert i Pakistan.

Bomba i Burgas tok livet av åtte personar, i tillegg er minst 35 personar skadd.

LES OGSÅ: Selvmordsbomber var utkledd som turist

Ifølge Bulgarias innanriksminister Tsvetan Tsvetanov er det funnet eit falskt amerikansk førarkort frå delstaten Michigan som no er sendt til FBI for analyse.

– Sensasjonalistiske og tåpelege

Dei skal og ha sikra eit fingeravtrykk.

Israel hevdar at det er Iran som eigentleg står bak bomba.

– Alt peikar mot Iran, sa statsminister Benjamin Netanyahu onsdag og lova at Israel vil svara med makt på angrepet.

Samstundes tilbakevisar Irans statskanal anklagane om at myndigheitene i Teheran står bak aksjonen. Regimet til president Mahmoud Ahmadinejad har i årevis hatt eit horn i sida til Israel, med ein stadig meir aggressiv krigsretorikk på begge sider.

LES OGSÅ: Minst seks drept etter eksplosjon i Bulgaria

– Uttalingane frå Benjamin Netanyahu er sensasjonalistiske og tåpelege, heiter det i ein kommentar.

NRK.no har vore i kontakt med det svenske overvakingspolitiet,

den løslatte svenske Guantanamo-fangen Mehdi Ghezali forsvant etter løslatelsen i 2004. Nå hevdes det at han er pågrepet i Pakistan. (Foto: HO/SCANPIX)