IKKJE ÅLEINE: Mannen som sprengte seg sjølv i Stockholm sentrum i desember i fjor, hadde truleg hjelp av ein ukjent fotograf.
IKKJE ÅLEINE: Mannen som sprengte seg sjølv i Stockholm sentrum i desember i fjor, hadde truleg hjelp av ein ukjent fotograf. Foto: Scanpix/AP montasje: TV 2

Stockholmsbombaren: Ukjent fotograf kan ha vore medhjelpar

Svensk politi jaktar på ein mann som tok bilete av Taimour Abdulwahab like etter at han tok livet sitt ved hjelp av ei sjølvmordsbombe for eit år sidan.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

– Det var som om han stod der og venta på smellen, seier eit vitne, i følgje avisa Svenska dagbladet.

Del på facebook

Avisa skriv at mannen, som truleg er mellom 40 og 45 år gammal, dukka opp på staden berre nokre sekund etter at Taimour Abdulwahab sprengte seg sjølv i lufta den 11.desember i 2010.

Fotograf forsvann brått

Mannen skal ha tatt bilete av liket i rundt 20-25 sekund, før han forsvann like plutseleg som han dukka opp på staden.

LES OGSÅ: Selvmordsbomber slo til midt i Stockholm

Avisa har funne fram til to vitne som begge kjem med like opplysningar.

– Han stod mindre enn ein meter frå hovudet til den døde, seier eit av vitna.

– Mannen hadde eit profesjonelt kamera med eit litt lengre zoomobjektiv. Eg tenkte for meg sjølv av det var utruleg raskt media kom på plass, seier vitnet.

LES OGSÅ: Stockholm-bomberens enke pågrepet i Storbritannia

– For alle andre var dette ein heldig fotograf som kom raskt til staden. Men for meg var det noko meir med han. Det verka som om han hadde stått og venta på smellen, seier det andre vitnet til avisa.

Bomba kunne drept 40

Det svenske tryggingspolitiet, Säpo, gjekk fyrst ut og sa at Taimour Abdulwahab var åleine om ugjerninga. Etter ei tid endra dei det til at han truleg var åleine under sjølve ugjerninga.

Svenska dagbladet har og fått fatt i ein rapport laga av FBI, som seier at om Taimour Abdulwahab hadde lukkast med terroraksjonen sin, ville truleg mellom 30 og 40 personar ha mista livet sitt.

LES OGSÅ: Stockholm-bomberens enke: – Han levde et dobbeltliv

Men han mislukkast med oppdraget sitt. Fleire av bombene han hadde på kroppen gjekk ikkje av, det gjorde heller ikkje alle dei bombene som var plassert i bilen hans.

– Bombene var proffesjonelt laga. Om dei hadde gått av hadde dei utgjort ein stor fare for menneskjer og byggingar, seier ei kjelde til den svenske avisa.

LES OGSÅ: SÄPO: Ingen forbindelse til terrorgruppe

Sundag 11. desember er det eitt år sidan sjølvmordsbomba i Stockholm.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Selvmordsbomber slo til midt i Stockholm
Selvmordsbomber slo til midt i Stockholm

En mann sprengte seg i lufta i Stockholm sentrum lørdag. Ti minutter før byen ble rammet av to eksplosjoner, mottok nyhetsbyrået TT en e-post med trusler mot det svenske folk.

Stockholm-bomberens enke pågrepet i Storbritannia
Stockholm-bomberens enke pågrepet i Storbritannia

Enka til mannen som sprengte seg selv i Stockholm sentrum i fjor skal være pågrepet og avhørt i Storbritannia.

Islamister i England hyller selvmordsbomberen i Stockholm
Islamister i England hyller selvmordsbomberen i Stockholm

I den tidligere hjembyen til mannen som sprengte seg selv i luften i Stockholm i helgen, hyller ekstreme islamister aksjonen.

Selvmordsbomberens enke la ut lydopptak
Selvmordsbomberens enke la ut lydopptak

Det var enken etter selvmordsbomberen Taimour Abdulwahab som la ut lydopptaket av ham på YouTube ett døgn etter at han hadde sprengt seg i lufta i Stockholm.

Stockholm-bomberens enke: – Han levde et dobbeltliv
Stockholm-bomberens enke: – Han levde et dobbeltliv

Ble pågrepet av britisk antiterrorpoliti tirsdag.

SÄPO: Ingen forbindelse til terrorgruppe
SÄPO: Ingen forbindelse til terrorgruppe

Det svenske sikkerhetspolitiet Säpo har ikke funnet noen forbindelser mellom selvmordsbomberen Taimour Abdulwahab og kjente terrorgrupper.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame