Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Fyrst slo dei Ashraf Rossli i bakken, når dei lata som om dei hjalp han opp igjen tømte dei sekken hans.
To usle ranarar vart fredag dømt for å ha rana den malaysiske utvekslingseleven Asyraf Haziq Rossli under opptøyane i London i august 2011. Det skriv Daily Mail.
Asyraf var ute og sykla med ein ven i Hackney, aust i London då han vart overfalt av ein gjeng opprørarar. Medan han vart stabla på beina av ein person, er det ein annen som rotar gjennom ryggsekken hans og forsyner seg av verdisakene hans.
LES OGSÅ Asyraf ble ranet av folk han trodde ville hjelpe
– Ein av dei tok handa i lomma mi for å ta telefonen min. Han drog i sykkelen og etter det veit eg ikkje kva som skjedde. Eg datt og eg blødde frå munnen, så kanskje eg vart trefft av eit slag.
NEKTA: Reece Donovan, og John Kafunda nekta fyrst for å ha noko med ranet å gjera, men det vart dei ikkje trudd på. No ventar straff. Foto: Metropolitan Police/Pa Photos
Han vart sittande i ørska på bakken medan han forsøkte å tørka vekk blodet. Då kom nokon andre bort til han.
– Eg trudde dei kom for å hjelpa meg. Men dei var frå den same gjengen. Dei tok Playstationen min og ei øskje som du kan sjå på videoen at ein mann kastar vekk.
Ifølgje politiet var det inntil 100 ungdommar med i gjengen som gjekk laus på Rossli.
LES OGSÅ: London-student synes synd på angriperne
Utvekslingseleven hadde berre vore i London i ein månad då han fekk sitt brutale møte med britiske «chavs».
Dei to som no er dømt, Reece Donovan og John Kafunda, nekta fyrst for å ha noko med ugjerninga å gjera, men etter å ha sjekka telefondata kan politiet bevisa at det var dei to som stod bak ugjerninga.
Straffa vil verta avgjort seinare.
OFFER: Asyraf Haziq Rossli syntest mest synd på ranarane enn seg sjølv etter det absurde ranet. Foto: Nick Ansell/Pa Photos
| Publisert | 02.03.2012 19.59 |
| Oppdatert | 02.03.2012 19.59 |
