Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Rasande portugisarar vil ikkje ha meir skatter og avgifter på vegane sine. Difor sette dei fyr på bompengebodene.
Uidentifiserte angriparar gjekk natt til onsdag til angrep på og sette fyr på, bompengeboder på Algarvekysten i Portugal.
Dei skaut og ein person tilsett i selskapet som har ansvaret for den aktuelle motorvegstrekka.
Angrepet skal vera ein del av ein pågåande protestkampanje mot nye vegavgifter for portugisiske bilistar.
Bompengeboda dei sette fyr på var ubemanna, men ein tilsett i selskapet som har ansvar for drift og vedlikehald av vegane vart lettare skadd etter at skot vart avfyrt mot han.
Natta før vart ei anna bompengebod ha blitt sett fyr på og skoten mot i same regionen.
I førre veka vart fire vegar omgjort til vegar du må betala på. To av dei fører rett inn i Spania, ein av desse altså i Algarve.
Årsaka til innføringa av bompengar på vegane er for å redusera det enorme budsjettunderskotet i landet.
STATEN SER DEG: Fire vegar vart bomvegar i førre veka. No rasar portugisarane.
| Publisert | 15.12.2011 09.45 |
| Oppdatert | 15.12.2011 09.45 |
