OMSTRIDT: Prins William blir sendt til Falklandsøyene som soldat. I 2012 vil det vera 30 år sidan krigen om Falklandsøyane mellom Storbritannia og Argentina.
OMSTRIDT: Prins William blir sendt til Falklandsøyene som soldat. I 2012 vil det vera 30 år sidan krigen om Falklandsøyane mellom Storbritannia og Argentina. Foto: ADRIAN DENNIS/AFP

Prins William blir sendt til Falklandsøyene som soldat

Skal tenestegjera på den omstridte øya i seks veker neste sommar.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Det er Sky News som melder det, skriv nyhendebyrået AP.

Del på facebook

Kanalen siterer anonyme kjelder, som seier at William, som er nummer to i arverekka i England, skal bruka seks veker på det omstridde territoriet.

30 år sidan krigen

I 2012 vil det vera 30 år sidan krigen om Falklandsøyane mellom Storbritannia og Argentina.

LES OGSÅ: Prins William skal pakke nødhjelp fra Danmark

Falklandsøyane ligg i Atlanterhavet, berre 460 kilometer aust for Argentina.

Falklandskrigen gjekk føre seg på Falklandsøyane i 1982, og varte i 72 dagar.

Ein argentinsk styrke på 8 000 mann invaderte Falklandsøyane 2. april utan forvarsel, og hadde ei lett oppgåva mot 1 800 sivilistar, 68 mann frå Royal Marines og 11 sjømenn.

904 drepne

ARGENTINA: Falklandsøyene ligg rett utanfor kysten til Argentina. Men Storbritannia hevdar det er deira territorium.ARGENTINA: Falklandsøyene ligg rett utanfor kysten til Argentina. Men Storbritannia hevdar det er deira territorium. Foto: ADRIAN DENNIS/AFP Storbritannia valde så å gå til krig. To hangarskip, over hundre mindre skip og 27 000 mann sette kurs mot Falklandsøyane 5. april. Den første delen av krigen vart kjempa på og over sjøen. Då britane kom til land, rykte dei raskt framover mot Stanley. Etter at dei hadde omringa Stanley, overgav argentinarane seg til slutt 14. juni.

255 britar og 649 argentinarar fall under Falklandskrigen. Det skriv Wikipedia.

Det britiske forsvarsdepartementet seier at dei vil komma med ei uttaling seinare på torsdag.

LES OGSÅ: Takket nei til peanøtter – nå går graviditetsryktene

Prins Williams kontor nektar å kommentera saka.

Argentina hevdar framleis at Falklandsøyane er argentinsk territorium.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Prins William skal pakke nødhjelp fra Danmark
Prins William skal pakke nødhjelp fra Danmark

Hertugen og hertuginnen av Cambridge tar seg en dagstur til Danmark neste onsdag. Der skal de pakke hjelpeforsyninger til Øst-Afrika sammen med det danske kronprinsparet.

Takket nei til peanøtter – nå går graviditetsryktene
Takket nei til peanøtter – nå går graviditetsryktene

«Something you’re nut telling us, Kate?»

Will og Kate flytter inn i Dianas slott
Will og Kate flytter inn i Dianas slott

Storbritannias prins William og hans kone Catherine har nå bestemt seg for å flytte inn i Kensington Palace, slottet som prins William vokste opp i.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame