– Det er ganske dramatisk.
– Det brenn rett bak oss, seier Jose de Sousa.
Saman med resten av familien ferierar han no på barndomsøya Madeira. Dei siste dagane har det brunne kraftig på øya, og militæret er satt inn for å bistå i brannslukkinga.
– Dekkar hovudstaden
De Sousa seier at det brenn på tolv ulike stader på øya.
– Røyken dekker heile hovudstaden og flyplassen, fortel han.
LES OGSÅ: Clinton: 22. juli var en enorm tragedie
Madeira er ei øygruppe i Nord-Atlanteren. Øygruppa er ein sjølvstyrt region i Portugal.
Det bur rundt 270.000 menneske på øya.
Nettstaden Theportugalnews.com skriv at brannen braut ut etter den varmaste dagen til no i år.
RESTAR: Silva Kent sløkker dei siste flammane som har tatt huset hans i den store brannen. Foto: AFP PHOTO / GREGORIO CUNHA
Over tusen brannfolk og eit Hercules-fly frå forsvaret er med i slokkearbeidet, og spanske myndigheiter skal ha tilbydt seg å bistå.
– Det brenn på tolv ulike stader, fortel de Souza.
Han seier at lokalbefolkninga på øya fortel at det ikkje har regna på seks månader på den elles fruktbare øya.
LES OGSÅ: General Mood gir opp i Syria
De Sousa er fødd og oppvaksen på Madeira, men har budd i Noreg i 37 år.
– Håpar ikkje brannen kjem nærare
Han seier at brannen er rundt åtte kilometer frå huset han har arva etter foreldra sine.
– Eg håpar ikkje at brannen kjem nærare, då me har skog rett bak oss, seier han.
Dei har hus på Machico, og dei næraste brannane er i Santo da Serra.
LES OGSÅ: Skulle redde livet til løskatt – døde nesten av byllepest
Folk i området har byrja å vatna taket.
FARE: Desse husa står i fare for å verta flammanes rov. Foto: Privat
Når tv2.no snakkar med han er vindretninga gunstig og det bles vekk frå huset han eig.
– Her me bur er det heldigvis god tilgang på vatn om det skulle byrja å brenna. Men mange stader er det ikkje mogleg å komma til i fjella med brannbilar, seier han.
Familien til de Sousa skal vera på Madeira i fem dagar til. Det er ikkje aktuelt å reisa heim før tida.
Kanariøyane brenn og
– Eg torer ikkje å reisa frå huset. Om brannen skulle komma nærare, hiv me oss i bilen og køyrer til søskena mine på nordsida av øya, seier han.
Men ikkje alle i familien hans er like heldige. Berre kort tid etter at tv2.no var i kontakt med de Sousa fyrste gong, får han beskjed om at huset til nevøen hans brenn og at dei må reisa for å evakuera han.
Men det er ikkje berre på Madeira det brenn. På Tenerife har flammane fått fritt leide. Det er rundt 2000 menneske evakuert og 20 fly er sett inn i sløkkinga av brannane.
Det er og meldt om mindre brannar på La Palma og La Gomera.
I FARE: Husa i Funchal var mellom dei som fell i flammanes rov i storbrannen. Foto: REUTERS/Duarte Sa
Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)