– Me har ikkje fått avbestillingar etter det som har skjedd, seier Kirsti Irgens Ertsås, informasjonsrådgjevar i Star Tour til tv2.no.

Star Tour er den operatøren som sender flest nordmenn til Bulgaria.

– Ferierar som vanleg

– Me har rundt 2600 nordmenn der nede no, seier Ertsås.

Ho seier at dei har vore i kontakt med sine tilsette i Bulgaria fleire gonger i løpet av torsdagen.

– Der nede går alt sin vante gang og nordmenn ferierar som vanleg, seier Ertsås.

LES OGSÅ: Svensk tryggingspoliti avvisar at terrorbombaren er svensk

På onsdag hadde dei tre fly som alle vart omdirigert til Varna.

Dei neste flya til og frå Bulgaria frå Star Tour er på fyrstkommande måndag.

Då forventar ho at flya går frå Burgas som normalt.

Apollo har rundt 2500 nordmenn på ferie i Bulgaria. Der er det og ferie som vanleg for nordmenn.

– Ja, det kan du seia, seier informasjonsmedarbeidar Thorbjørn Lundal i Apollo til tv2.no.

Israelarane avbestiller i fleng

– Me fekk nokre spørsmål frå dei som skulle reisa ned dit, men det var nok dei som skulle ned dit på onsdag som lurte mest, seier han.

LES OGSÅ: Han tok med seg seks personer i døden

Det har ikkje lukkast tv2.no å få ein kommentar frå Ving.

Men medan nordmenn ferierar som vanleg, avbestiller israelarane i fleng.

Reiseselskapet Ortanna tour company har fått 5000 kanselleringar frå israelarar som vil halda seg heima i sommar. Det er halvparten av alle Bulgaria-turane som israelarar har bestilt gjennom selskapet.

Det melder nyhendebyrået AP.

Tryggleiken til dei israelarane som framleis er i Bulgaria vert trappa kraftig opp.

Avbryt ferien

Over 200 politifolk er utplassert til fleire hotell med over 1000 israelarar buande.

Dei skadde er i ferd med å verta sendt heim til Israel. Eit fly med 33 skadde landa torsdag føremiddag i Tel Aviv. Medan to kritisk skadde er sendt til sjukehus i Sofia, opplyser brigader Itzik Kreis i det israelske forsvaret.

LES OGSÅ: Jan Trygve og sonen var innesperra på flyplassen i Burgas

Seinare vil 100 israelarar som vil avbryta ferien verta flydd heim.

Bomba tok livet av åtte personar, i tillegg er minst 35 personar skadd.

Angrepet mot en turistbuss på flyplassen i Burgas i Bulgaria onsdag ettermiddag blei mest truleg utført av ein sjølvmordsbombar. Det stadfestar Bulgarias innanriksminister torsdag.

Den antatte sjøvmordsbombarens identitet og nasjonalitet er ikkje kjent, men ifølge Bulgarias innanriksminister Tsvetan Tsvetanov er det funnet eit falskt amerikansk førarkort frå delstaten Michigan som no er sendt til FBI for analyse.

– Sensasjonalistiske og tåpelege

Ei stund var det snakk om at terroristen var svenske Mehdi Ghezali.

LES OGSÅ: Israel anklager Iran for terrorangrep

Men det avviser svensk tryggingspoliti.

– Eg kan stadfesta at det ikkje er den navngitte personen, seier vakthavande befal ved det svenske tryggingspolitiet SÄPO, Clas Ohlsson, til NRK.no.

– Alt peikar mot Iran, sa statsminister Benjamin Netanyahu onsdag og lova at Israel vil svara med makt på angrepet.

LES OGSÅ: Star Tour: – Vi har sendt ut sms til alle våre gjester

Samstundes tilbakevisar Irans statskanal anklagane om at myndigheitene i Teheran står bak aksjonen. Regimet til president Mahmoud Ahmadinejad har i årevis hatt eit horn i sida til Israel, med ein stadig meir aggressiv krigsretorikk på begge sider.

– Uttalingane frå Benjamin Netanyahu er sensasjonalistiske og tåpelege, heiter det i ein kommentar.