Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
I dag går eit kriseråka Spania til valurnene. Konsekvensane er store: Siestaen kan ryka.
VIL HA ENDRINGAR: Det einaste som verkar sikkert i landet er at dagens sosialistregjering mistar makta og at det er dei konservative som vil gjera eit brakval. Foto: ANDREA COMAS/Reuters
Spania er det neste landet som er på veg inn i den omfattande Eurokrisa. Statsgjelda er høg, rentene stigande, arbeidsløysa er skyhøg og produktiviteten er låg.
Det einaste som verkar sikkert i landet er at dagens sosialistregjering mistar makta og at det er dei konservative som vil gjera eit brakval.
Statsminister Jose Luis Rodriguez Zapatero har ikkje berre fått skulda for at økonomien har gått i stå, men og for dei tøffe budsjettkutta regjeringa har måtta gjennomføra på grunn av krisa. At han har lukkast med å få det baskiske opprøret under kontroll og gjennomført fleire likestillingsreformer, tel mindre.
Saka held fram under biletet
STEMMER: Folk stod i kø frå tidleg på sundagen for å stemma. Det vert truleg ei ny regjering etter dagens val. Foto: ALBERT GEA/Reuters
– Eg vil stemma for Partido Popular, berre til ei forandring. Me må få inn folk til å rydda opp i dette. Det er heilt forferdelig å ha fem millionar arbeidslause. Dei må gjera noko. Eg veit ikkje kva, seier 35-åringen Angel, som har mista jobben som bussjåfør og som no er blant dei mange som går på trygd, til NTB.
LES OGSÅ: EU har hastverk med å styrke krisefond
Eit av tiltaka som vert innført i Spania for å få opp produktiviteten er å kutta siestaen. Den tradisjonelle to timars lange lunsjpausen er på vikande front.
Gigantselskapet Iberdrola med over 33.000 tilsette har kutta ut siestaen og innført ei normalarbeidstid mellom sju om morgonen og klokka tre på ettermiddagen. Før har berre enkelte selskap gjort det same gjennom sommarhalvåret.
Iberdrola vil at dei tilsette skal avslutta arbeidsdagen sin tidlegare, då dei meinar at då får dei lukkelegare tilsette som jobbar betre.
Monica Oviedo, ei av selskapets 33.000 tilsette, seier at ho hiv i seg lunsjen på ti minutt, slik at ho heller kan vera heima med dei tre borna sine.
– Eg føretrekk å kunna bruka ettermiddagane mine heime med familien, sjølv om det betyr at eg må hiva i meg maten, seier ho.
Og effektivitet og fornuftig økonomisk utvikling treng Spania. Av dei 17 euro-landa, er Spania det tiande mest effektive.
Saka held fram under biletet
TRULEG NY STATSMINISTER: Mariano Rajoy vert etter alle solemerker ny statsminister i Spania. Foto: Emilio Morenatti/Ap
Byen Benalup-Casas Viejas var ein gong den staden i det sørlege Spania med den største tettleiken av luksusbilar. Men no er alt snudd på hovudet. No er det den byen i Europa med høgast arbeidsløyse.
– Alle på vår alder er utan arbeid, seier Nora Pérez (22) til avisa The Guardian.
LES OGSÅ: Ville denne orgasme-videoen fått deg til å stemme?
I regionen Cádiz er ein av tre utan jobb. Det bur til saman rundt 6700 menneske i byen. 1500 av dei arbeidsføre vaksne er utan arbeid.
Luis Moreno (23) slutta på skulen for fem år sidan. då var det ingen problem å få seg jobb. Då var det berre til å gå inn på næraste byggeplass. No har alt snudd seg, og han må klara seg med 4100 kroner i månaden i støtte for å gå på eit omskuleringskurs.
Men det er ikkje så mange jobbar å gå til. Arbeidsløysa blant unge spanjolar er på heile 46 prosent.
Som TV 2 meldte på fredag står heile ein million leilegheiter tomme. TV 2 fortalte om ein familie som ikkje hadde råd til å betala avdraga på leilegheita si, og måtte selja. Likevel sat dei igjen med ei gjeld på heile 1,6 millionar kroner etter å ha seld.
LES OGSÅ: En million leiligheter står tomme i Spania
The Guardian skriv at etter at bustadbobla sprakk i 2008, står heile 700.000 nybygde bustader tomme.
I Benalup jobba meir enn 80 prosent av arbeidsstyrken innan bygg og anlegg.
Etter alle solemerke vinn Partido Popular og Mariano Rajoy valet. Dei vil få nok å henga fingrane sine i, om dei kjem til makta.
SJÅ VIDEO: TV 2s reportar Simen Olafsen er i Spania og føl valet. Her kan du sjå hans reportasje om korleis dei fattige i Madrid ser på valet.
| Publisert | 20.11.2011 20.16 |
| Oppdatert | 20.11.2011 20.31 |
