– Noko kan ha sett i gang ulvane, og då kan det eskalera raskt. Ein kan spekulera i om ho hadde menstruasjon eller om ho snubla, det kan ulvane reagera på, seier Hans-Ove Larsson, tidlegare direktør ved ein dyrehage i Stockholm til avisa Svenska Dagbladet.

Han seier at ulvar merkar skilnad på kjønna.

– Uroa hierakiet

– Dette hadde ein sosial kontekst for ulvane. Noko uroa deira sosiale hierarki, sjølv om det er umogleg å seia kva det var som utløyste det, seier han.

LES OGSÅ: Turister får møte ulver på Langedrag

Han reagerar på at det var åtte mannlege ulvar i innhegninga.

– Åtte hannulvar skal ikkje bu saman. Det vert ei slags rangordning, som i ein ungdomsgjeng, seier han.

Han seier at det vanlegaste er ein alfahann, ei alfaho og borna deira.

Men det avviser sjefen for dyreparken der tragedien skjedde.

– Her har det vore meir regelen enn unntaket dei siste 30 åra at flokkane med sosialiserte ulvar har vore hannulvar, seier Mats Höggren til avvisa.

LES OGSÅ: Turister får møte ulver på Langedrag

Dyrepassar Hans Petter Westvik i Dyreparken i Kristiansand seier til TV 2 at ei liknande tragedie aldri kunne skjedd der.

– Dette kan ikkje skje i Kristiansand, for me driv ikkje med sosialiserte ulvar, seier Westvik.

Han seier at dei prøver å la ulvane få leva sitt naturlege liv.

– Ulvar går etter kvinner

– Sjølv om dei er født i ein dyrepark og vert fora av oss dagleg, har dei framleis ein naturleg frykt. Så når me går inn i hegna, spring dei sin veg, seier han.

Ulvane i Sverige var såkalla sosialiserte ulvar. Det betyr at ulvane er tatt ut av flokken når dei er kvalpar og er flaska opp.

– På den måten der fjernar du den naturlege frykta ulvane har for menneske, seier Westvik.

LES OGSÅ: Jens Christian trodde ikke sine egne øyne: Ulv på Nesodden

Svenska Dagbladet siterer ein rapport frå Norsk institutt for naturforsking (NINA), som stadfestar at kjøn kan spela ei rolle.

Undersøkinga visar at dei fleste ulveangrep på menneske dei siste hundreåra, har vore på born. I dei tilfelle der friske ulvar har gått til angrep på vaksne menneske, har det stort sett vore kvinner som har blitt angrepet.

Westvik i Dyreparken i Kristiansand avviser at ulvar er farlege dyr.

– Det er fare for at nokon vert ekstra redde, så det er viktig å poengtera at ulven er ikkje farleg. Korkje i dyrepark eller ute i det fri, seier Westvik til TV 2.