Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Jolafestane i London vert verre frå helg til helg. No ropar britisk helsepersonell varsko.
Dei to siste fredagane før jolafreden senkar seg over London er dei klart travlaste dagane for ambulansepersonellet i storbyen.
Legevakter og akutten på dei ulike sjukehusa reknar med eit renn av fulle britar på jolabord, som sovnar midt i gata grunna fyll.
LES OGSÅ: Pass deg for julebordtabbene
For å ta unna hordane av fulle britar, har ambulansetenesta i byen innført ei spesialordning med ein eigen ambulanse som køyrer rundt i Londons gater for å ta seg av folk som ikkje klarar å ta vare på seg sjølv grunna fylla.
– Hovudproblemet er at arbeidspdagen sluttar tidleg, slik at folk får meir tid til å drikke. Så fort folk er ferdige på jobb byrjar dei å drikka, seier Paul Saddohetoh til Sky News.
– Det er for tidleg for mange som ikkje klarar å ta vare på seg sjølv når klokka rundar 10-11 tida om kvelden, seier han.
Mange av festløvene vert tatt med så dei kan sova ut rusen sin på eit sjukehus.
SOVNA PÅ GATA: Fulle britar vert eit stadig større problem dess nærare ein kjem til jol. Her har ein mann i 50-åra sovna midt i gata. Foto: APTN
| Publisert | 17.12.2011 21.47 |
| Oppdatert | 17.12.2011 21.47 |
