– Dei verste skadene me har sett etter hundeangrep på 20 år, seier sjukehuset.
Hunden Troy tilta galen på onsdag og gjekk til angrep på dottera i familien, Tilly Saunders (14).
Mamma Linda og ein person til storma til for å hjelpa Linda, men då gjekk hunden laus på dei og.
Avliva
Politiet vart tilkalla for å få kontroll på hunden, medan familien vart sendt til sjukehus med alvorlege skader.
LES OGSÅ: Hundeekspert: – Mer enn 5000 mennesker bites av hund hvert år
Legane på sjukehuset i Cornwall kallar skadane dei verste dei har sett på 20 år etter eit hundeangrep.
HUND: Det var ein hund av denne typen som gjekk til angrep på ein familie i Cornwall denne veka. Foto: Wikimedia Commons
Ikkje overraskande vart hunden, ein Staffordshire bull terrier, avliva i samråd med familien.
Avisa This Is Cornwall skriv at familien innrømte at dei ikkje lenger hadde kontroll på hunden og aggressiviteten den utviste.
Dette er det andre hundeangrepet på folk i Cornwall på kort tid.
LES OGSÅ: Politiet vil fortsatt avlive hundene som angrep i Mandal
I juni vart ei 19 år gammal jente angrepet då ho prøvde å hjelpa ein hund som sat midt i vegen. Men plutseleg gjekk hunden til angrep på ho, og beit ho i låret. Jenta fekk eit gapande hol i låret.
Auke i postbodangrep
Denne hunden vart avliva som følgje av angrepet.
På sida av dette har Posten i Storbritannia no gått ut med ei oppmoding til folk om å passa på hundane sine.
Dei peikar på at det i sommar har vore unormalt mange angrep på postbod i sommar.
LES OGSÅ: 12 år gammel gutt angrepet av hund mens han skatet
Avisa Harlow Star har ikkje tal for i sommar, men viser til at det i løpet av årets tre fyrste månader har vore 3100 angrep på postbod.
– Den eldgamle vitsen om hundar som angrip postbod er ikkje nokon spøk for oss, seier Dave Joyce, i postbodas fagforeining, til avisa.
– Fleire tusen av våre medlemmer vert angripen årleg, og fleire hundre får skader som plagar dei lenge fysisk og psykisk, seier Joyce.
LES OGSÅ: Vegard (18) reddet hund fra ulveangrep
Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)