Rystende før- og etterbilder i Syria:
Slik så det ut før
borgerkrigen
• Se grafikk av den sjokkerende forandringen i bydelen i Hama.
Kan vera verdt 900 millionar kroner.
I utgangspunktet var ikkje skotske Fiona McLaren (59) særleg imponert over maleriet ho hadde fått i gåve av far sin.
Etter å hatt det i si eige i fleire tiår, kombinert med økonomiske grunnar, bestemte ho seg til slutt for å få ei verdivurdering av maleriet.
LES OGSÅ: Fikk latterkrampe - svelget kniv
No spekulerar ekspertane i om det faktisk er snakk om eit 500 år gammalt maleri, truleg måla av meistermålaren Leonardo da Vinci, med ein verdi på nærare 900 millionar norske kroner.
– Eg viste det til auksjonariusen og han vart forbløffa og mållaus, seier ho til avisa The People.
Avisa Daily Mail skriv at maleriet truleg visar Maria Magdalena som held eit barn.
Leonardo da Vinci (1452–1519) er eit av dei mest kjente universalgenia i verda, og han markerte seg som mellom anna ingeniør, anatom, målar, bilethoggar, musikar, arkitekt, zoolog, filosof, astronom, og paleontolog.
LES OGSÅ: Politijakt etter bankranere på vei mot Norge
Ekspertar ved Cambridge-universitetet og Hamilton Kerr-instituttet analyserar no maleriet for å finna ut kven som står bak maleriet og nøyaktig kor gammalt det er.
BOK: Fiona McLaren har skrevet bok om historia. Foto: Mainstream publishing
Sjølv om det skulle visa seg at maleriet ikkje er laga av da Vinci, er det truleg eit maleri frå da Vinci-skulen og måla av ein av elevane hans på 1500-talet.
Eit pavebrev, truleg frå tida til pave Paul V (1552-1621), var og festa bakpå maleriet. På det klarar ein å tyda ordet «Magdalena»
No håpar McLaren på å få seld maleriet sitt og ho har bestemt seg for å donera vekk ein del av pengane ho får inn på auksjonen til eit godt formål.
Samstundes har ho gitt ut ei bok om den utrulege historia.
| Publisert | 07.08.2012 14.58 |
| Oppdatert | 07.08.2012 14.58 |
Kommentarer er fjernet etter kl. 00.00 og blir åpnet igjen kl. 06.00.
Rystende før- og etterbilder i Syria:
• Se grafikk av den sjokkerende forandringen i bydelen i Hama.
