Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Gigantdiamant sette prisrekord i Sveits.
Den flotte diamanten frå Sør Afrika, truleg alle jenters draum, sette ein strålande priserekord då den vart seld for meir enn 62 millionar kroner på ein auksjon i Sveits, tysdag.
Det melder nyhendebyrået AP.
Likevel gjekk den for like under det som auksjonshuset Sotheby's hadde venta.
LES OGSÅ: Fant universets største diamant
Dei hadde sett for seg ein salssum på mellom 63 og 86 millionar kroner for den.
Gigantdiamanten er på heile 110,3 karat.
– Dett er den åttande dyraste diamanten som nokon gong er seld på ein auksjon, og den klart dyraste av sitt slag, seier David Bennett i Sotheby's til nyhendebyrået AP.
Diamanten er av typen gul diamant.
Etter at Sotheby's selde ein 24.78 karats rosa diamant for heile 246 millionar kroner, hadde fleire forventa ein høgare salssum for den gule diamanten.
LES OGSÅ: Hund spiste diamanter for 54.000 kroner
– Når ein kjem opp i denne prisklassen her, er det berre seks - sju personar som har pengar nok til å delta i ein slik auksjon. Og om dei meinar at dei alt har ein tilsvarande diamant i samlinga si, vil ikkje prisen gå nemneverdig opp, seier Mourad Hatik, edelsteinshandlar, til AP.
– Men ekstraordinære diamantar som denne vil alltid tiltrekka seg bodgjevarar. Det er veldig lite kvalitetsdiamantar på marknaden, seier han.
Soldråpen, som diamanten vert kalla, vart funne i Sør Afrika i 2010.
Men soldråpen var ikkje den einaste edelsteinen som gjekk for store summar på auksjonen. Totalt vart det seld diamantar og edelsteinar for over 400 millionar kroner på auksjonen.
LES OGSÅ: Dette juletreet koster 65 millioner kroner
Likevel var det fleire edelsteinar, mellom anna ein blå diamantring, verdsett til over 43 millionar kroner, som ikkje fann seg ein ny eigar.
DYR: Men ikkje den dyraste gjennom tidende. På den lista endar den «berre» på ein sjuandeplass. Foto: Anja Niedringhaus
| Publisert | 16.11.2011 06.23 |
| Oppdatert | 16.11.2011 06.23 |
