Det vart ein større dag enn det franske paret hadde sett føre seg, laurdag.

Cindy Plutus var høggravid, men hadde ikkje termin før den 14. juli.

Likevel var det fleire gonger på tale å avlysa heile bryllaupet, på grunn av fleire falske alarmar.

– Ho verka til å vera sliten, men me trudde det var på grunn av alt stresset i samband med bryllaupet, seier Jean-Robert Gachet, ordførar i den vesle byen Jallais. Det var og han som stod for vigselen.

– Difor prøvde eg å gjennomføra vigselen så raskt eg kunne, så ho ikkje vart for sliten, seier han til den franske kanalen M6.

Men han var ikkje rask nok.

For berre minuttar etter at det lukkelege paret gav kvarandre sitt ja, og gjekk utanfor for å ta dei tradisjonelle fotografia, byrja brura å føla seg dårleg.

Difor gjekk ho inn for å slappa av.

Av tryggleiksmessige årsaker vart sjukebil tilkalla, men det var lite helsepersonellet fekk gjort. For vatnet hadde allereie gått og etter berre nokre minutt var barnet ute.

– Det var fantastisk å høyra den nyfødde grine for fyrste gong. Dette var fyrste gong eg har fått oppleva ein slik fødsel, seier Gachet.

LES OM FLEIRE UTROLIGE FØDSLAR HER:

Fødte baby på T-banen

Fødselen var i gang da Emma (20) tok oppkjøring

Fødte på fortau i København

Aida fødte en gutt på flyet til San Francisco