TABBE: Ved ein tabbe sperra dansk politi fleire tusen «trygge» nettstader. Mellom dei Facebook og Google. ILLUSTRASJONSBILETE.
TABBE: Ved ein tabbe sperra dansk politi fleire tusen «trygge» nettstader. Mellom dei Facebook og Google. ILLUSTRASJONSBILETE. Foto: MATT HOUSTON/AP

Dansk politi satte pedo-filter på Facebook

Ein dansk politi-tabbe førte til at Facebook og 8.000 andre nettsider vart sperra på grunn av mistanke om barneporno.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Torsdag føremiddag vart heile 8000 nettsider verda over blokkert av dansk politi med ei melding om at sidene kunne innehalda barneporno.

Del på facebook

Sider som Facebook og Google vart sperra for fleire tusen kundar på Grønland og dei i Danmark som er nettkundar hjå Siminn.

Gigant-tabbe

Årsaka vil du aldri klara å gissa!

Ein dansk politimann skulle låna ein kolllegas maskin, då den var betre. Då politimannen har sett seg på plass og skal byrja på etterforskinga si, flyttar han ved ein feil ei mappe som inneheld namnet på 8000 trygge nettsider over i eit filter som sperrar sider som inneheld barneporno.

LES OGSÅ: 13,4 millioner barnepornosøk stanset

Før det danske rikspolitiet rekk å gjera noko, har to netttilbydarar henta sidene og sperra dei.

Det førte til at i fleire timar var pedo-filteret til dansk politi iverksett mot Facebook.

Sidene var nede frå klokka 08.06 til klokka 11.26.

Innfører nye rutinar

Blant dei som ikkje fekk sjekka Facebook-profilen sin var ei ung jente, skriv Berlingske Tidende.

– Det er skrøymande at dei på dette viset kan gå inn og avgrensa folks fridom på nettet, skriv jentar kjæraste i ein mail til avisa.

LES OGSÅ: Lastet barneporno på dataparty

Til Computerworld.dk seier Johnny Lundberg i politiet at dei i framtida vil innføra nye rutiner, slik at det må to personar til for å overføra filer til barnepornofileteret deira.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
13,4 millioner barnepornosøk stanset
13,4 millioner barnepornosøk stanset

Hvert tiende sekund søker nordmenn etter barneporno.

Lastet barneporno på dataparty
Lastet barneporno på dataparty

En 16-åring er pågrepet for å ha lastet ned barneporno på dataparty i Steinkjer.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame