BYGDE EIGE RØYKEROM: Matvareminister Mette Gjerskov fekk bygd seg eit eige røykerom på kontoret sitt, på dei danske skattebetalarane si rekning. No rasar debatten i Danmark.
BYGDE EIGE RØYKEROM: Matvareminister Mette Gjerskov fekk bygd seg eit eige røykerom på kontoret sitt, på dei danske skattebetalarane si rekning. No rasar debatten i Danmark. Foto: Mogens Engelund/Wikipedia

Dansk minister installerte røykerom på kontoret

Skattebetalarane må betala for den danske ministerens røykesug

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Medan den danske regjeringa hevar avgiftene på tobakk og det danske Folketinget innfører strengare røykereglar, går matministeren i Danmark, Mette Gjerskov den andre vegen.

Del på facebook

Ho har nemlig fått installert eit eige røykerom til 34.000 danske kroner på sitt eige kontor.

Gidd ikkje gå ned på gata

Rekninga er det dei danske skattebetalarane som må ta. Det skriv avisa Jyllandsposten.

LES OGSÅ: Danskene bryter røykeloven

Sjølv ser ikkje Gjerskov det store problemet.

– Det er ikkje nokon løyndom at eg røyker. Difor spurte eg meg sjølv om kva eg skulle gjera, og kom fram til at med eit eige røykerom så vil eg overhalda reglane, seier ho.

Å gå ned på gata som dei andre tilsette må gjera var ikkje noko alternativ.

– Kontoret mitt ligg langt pokker i vald nede i ein gang i fjerde etasje. Det er ikkje særleg praktisk om eg skulle gå ned på gata og opp igjen mellom møta, meinar ho.

Møter motbør

Men no møter ho motbør frå eigne rekker. Helsepolitisk talskvinne for dei danske Socialdemokraterne, Sophie Hæstorp Andersen, seier at dei no vil vurdera å stramma inn på reglane for regjeringsmedlemmane.

– Når me seier at me ikkje vil ha røyking på kontora på Christiansborg, er det klart at me og må sjå korleis det ser ut på kontora i departementa. Me må sjølv sluka den same medisinen som me vil at folket skal gjera, seier Andersen.

Det er ikkje berre frå eigne politiske rekker ho møter motbør. Blant det danske folket rasar no debatten om Gjerskov har gjort det rette eller ei. Dei fleste meinar at ho har ei særs dårleg sak.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Danskene bryter røykeloven
Danskene bryter røykeloven

Uanmeldt kontroll fra Arbeidstilsynet viser at hver femte danske vertshus bryter loven.

Spania vedtok røykelov
Spania vedtok røykelov

Juleferien blir spaniernes siste mulighet til å tenne seg en sigarett på restauranter og barer.

1200 færre hjerteinfarkt etter ny røykelov
1200 færre hjerteinfarkt etter ny røykelov

En ny røykelov i England førte til 1.200 færre hjerteinfarkt i løpet av det første året etter at den ble introdusert, ifølge en undersøkelse i British Medical Journal (BMJ).

Island vil ha sigaretter på resept
Island vil ha sigaretter på resept

Island vurderer å innføre forbud mot salg av sigaretter i dagligvarebutikker. Da må islendinger som har lyst på en røyk gå på apoteket.

Verdens strengeste røykelov
Verdens strengeste røykelov

Ett av verdens mest folkerike land kubber sneipen - ute!

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame