Nakenhandlarane overnatta utanfor butikken på den tysk-danske grensa for å få lov til å handla gratis.

Anledninga var opninga av ein ny butikk på grensa i byen med det megetklingande namnet Sæd.

LES OGSÅ: Har du lyst på ei naken hushjelp?

I følgje politiet hadde det dukka opp 250 menneske som ville handla naken, men dei slapp berre inn 100 personar til saman.

SJÅ VIDEO: I videovinduet øvst i saka, kan du sjå vido frå nakenshoppinga!

UTAN EIN TRÅD: Desse jentene var blant dei hundre som fekk handla gratis, så lenge dei var nakne. (Foto: ZDF)

Nakenkundane fekk handla gratis for 2000 kroner, og som bileta viser så gjekk det for det meste i alkohol for nakenhandlarane.

– Dette er heilt fantastisk. Me hadde aldri forventa at så mange personar skulle dukka opp. Me kunne sikkert latt tusen personar handla naken, men me sette ei grensa på 100, seier Nils Sterndorff, butikksjef i den utradisjonelle grensehandelbutikken til tyske ZDF.

LES OGSÅ: Giftet seg kliss naken i massebryllup

Politiet dukka opp med tre patruljebilar, men dei hadde lite å ta seg til, anna enn å observera.

OVERVELDA: Butikksjef Nils Sterndorff (i svart skjorte) seier han er overvelda over responsen. (Foto: ZDF)

– Det var heilt sinnsjukt, folk kom jo gåande over parkeringsplassen vår utan ein tråd. Då måtte me gripa inn og fortelja dei at her kunne dei ha kleda på, seier Sterndorff til danske Ekstrabladet.

LES OGSÅ: Google street view tok bilde av naken dame på trappen

Er dette noko du kunne tenkt deg å vera med på? Ta debatten i kommentarfeltet under artikkelen!

MANGE VILLE HANDLA NAKNE: Det dukka opp store mengder folk som ville handla nakne. (Foto: ZDF)