Over ein meter med boss låg på golvet i dette huset i Cork i Irland. No ber naboane myndigheitene om å ta ansvar og få tømt det.

For inntil eit år sidan budde det ein familie med barn i dette huset. Rotter har byrja å gnaga hol i golvet og i eit soverom i andre etasje fann ein hundrevis av brukte bleier kasta i eit hjørna. Frysen er full av matvarer som insekt har meska seg med.

Rotteinfisert bossberg

– Dette er berre trist, seier ein av naboane til den irske fjernsynsstasjonen TV 3.

– Eg bur berre tre - fire hus nede i gata, og no fryktar eg det kjem rotter inn i huset mitt, seier ein annan nabo.

KAOS: Slik ser det ut inne i stova der barnefamilien budde. (Foto: Irsk TV 3)

Ingen har budd i huset sidan sommaren 2011, men framleis har ingen tømt det. Og det som var forferdelege forhold er no berre vorte verre.

Folk som TV 3 har snakka med er overraska over at folk har klart å bu under slike forhold.

Ein reknar med at det vil ta minst ti dagar å tømma det rotteinfiserte bossberget.

Myndigheitene kjente til saka

– Det eit ordtak som seier at ein veit ikkje kva som skjer bak låste dører. Og det er tydleg her. Men det er særs viktig at det vert avklara kva rolle sosialmyndigheitene har hatt i denne saka, seier Seamus McGrath frå partiet Fianna Fáil.

Naboane føler at dei ikkje vart høyrd av dei lokale myndigheitene og følte at dei ikkje hadde noko anna val enn å kontakta media om saka.

Myndigheitene i Cork ville ikkje kommentera saka overfor irsk TV 3, men stadfestar at dei kjenner til saka.

RYDDAR: Ein reknar at det vil gå minst ti dagar før ein har fått tømt det vesle huset for boss. (Foto: Irsk TV 3)