Rabiat mann slo seg inn i bolig med øks
Steinkjer. Vet du noe? Har du bilder? Tips oss! Ring/SMS/MMS til 02255 | Epost: 02255@tv2.no
Ei pille som normalt sett vert brukt mot hjartesjukdommar, kan gjera deg litt mindre rasistisk
Det høyrest for godt ut til å vera sant, men britiske forskarar hevdar altså no at dei kan redusera kvardagesrasismen hjå folk.
Frivillige som fekk beta-blokkarar skåra lågare på psykologiske testar som skal avsløra rasistisk haldning hjå folk, enn kva testgruppa som fekk eit placebo. Det melder den britiske fjernsynskanalen ITN.
LES OGSÅ: Politiet frykter rasiststempel i trafficking-saker
Forskarane meinar at resultata kan verta forklart med at rasisme har med frykt å gjera.
Saka held fram under biletet
FRYKT: Rasisme har med fryktsentra i hjernen å gjera, meinar forskarane. Foto: Oded Balilty/Ap
Sylvia Terbeck jobbar med eksperimentalpsykologi på Oxford universitetet avviser at pilla kurerer rasisme.
– Nei, det ville betydd at rasisme var ein sjukdom, seier ho.
Men ho stadfestar at pilla reduserar kvardagsrasismen hjå testgruppa.
LES OGSÅ: Mann (21) dømt for brudd på rasismeparagrafen
Dette er den fyrste testen av sitt slag nokon gong, så forskarane veit ikkje om pilla fungerar på «yrkesrasistar» som snauskallar. No jobbar forskarane med fleire testar for å følgja opp resultata dei fekk i den fyrste testen sin.
– Kanskje det er noko ubevist emosjonelt som styrer det fordomsfulle i hjernen vår, undrar Terbeck.
TESTAR VIDARE: Forskarane jobba no med å få stadfesta funna i den fyrste undersøkinga. Foto: Oded Balilty/Ap
| Publisert | 10.03.2012 10.50 |
| Oppdatert | 10.03.2012 12.31 |
