Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
– Piratar har kapra ein dansk seglbåt. Ombord er tre born og fire vaksne. Båten har kurs mot Somalia, ifølge Berlingske Tidende.
Ifølgje det danske nyheitsbyrået Ritzau blei båten kapra torsdag 24. februar.
Fire vaksne og tre born er ombord, skriv Berlingske
Tidende.
Båten er på vei til Somalia.
– Utover foreldra til dei tre borna er to medhjelparar med. Alle er danske, ifølge bt.dk.
Det er den kapra familien som sjølv eig seglbåten.
Båten sende ut eit nødsignal og danske myndigheiter starta å undersøkja kva som var skjedd med skipet og mannskapet.
– Det er stadfesta at skipet er kapra av piratar og det ser no ut som det er på veg mot Somalias kyst, seier sjef for Borgerservice, Charlotte Stente, til Ritzau.
Dansk UD vil ikkje opplysa borna sin alder eller den nøyaktige posisjonen til båten.
– Dette er ein svært vanskeleg situasjon - også for dei pårørande. Ikkje minst fordi det er born involvert og difor ber vi danske media om å vera skånsame overfor dei pårørande, sier Slente, som ikkje vil gå ut med fleire opplysningar.
Ifølgje NTB har fleire danskar dei siste åra blitt halde som gislar av somaliske piratar.
I 2007 blei fem danske sjøfolk halde som gislar i 83 døgn om bord i det kapra lasteskipet Danica White. Dei blei fyrst sett fri etter at rederiet hadde betalt eit millionbeløp til piratane.
Men det er fyrste gong somalske piratar har kapra ein dansk lystyacht, ifølge den danske avisa Politiken.
Ifølge den danske avisa Ekstra Bladet har familien god erfaring med lange seglas.
Mannen sa for to år sidan opp jobben for å reisa jorda rundt med kona og deira tre born. Ifølgje Ekstra Bladet er borna i alderen 13 til 17.
For om lag to veker sidan la seglbåten frå hamn på Maldivene med kurs mot Afrika, skriv Ekstra Bladet.
| Publisert | 28.02.2011 16.07 |
| Oppdatert | 28.02.2011 17.38 |
