Dansen i den daude byen Port-au-Prince

Fotograf Kenneth bit tenna saman, og ser verda gjennom kameralinsa, medan eg snur meg bort og kastar opp.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

– Forsiktig, det er denne vegen, seier Antoine Sine.

Eg trør varsamt over samanrasa murstein, medan eg forsøker å halde følgje med Antonie som arbeider som gravar på den største gravplassen i Port-au-Prince.

Heller ikkje dei døde slapp unna jordskjelvet som ramma Haiti. Beinpiper og hovudskallar stikk fram frå knuste kister og øydelagde gravkammer. Ein kvalmande stank ligg over staden, og nok ein gong forbannar eg meg sjølv over å ha gløymt munnbindet i bilen.

SE REPORTASJEN I VIDEOVINDUET OVER.

I HAITI: Fotograf Kenneth Cuomo og reporter Kjetil Iden er i Haiti for å dekke jordskjelvkatastrofen. I HAITI: Fotograf Kenneth Cuomo og reporter Kjetil Iden er i Haiti for å dekke jordskjelvkatastrofen. Foto: TV 2

– Dei døde stig opp frå gravene

Ei mørk, stinkande veske lagar eit klissete spor framføre oss. Antonie vil vise oss massegrava på kyrkjegarden. 10.500 menneske har han og dei andre gravarane lagt i jorda etter skjelvet.

Vi kjenner på lukta av vi er nær. Fotograf Kenneth Cuomo bit tennene saman, og ser verda gjennom kameralinsa, medan eg snur meg bort og kastar opp. Vi tek bilete vi veit aldri vil bli vist på fjernsyn.

Les også: Denne gutten skapte overskrifter verden over

HALLELUJA: Haitiere løfter hendene mot himmelen i bønn under et religiøst møte i Port-au-Prince.HALLELUJA: Haitiere løfter hendene mot himmelen i bønn under et religiøst møte i Port-au-Prince. Foto: Kjetil Iden / TV 2

– Om natta møtest folk her for å ha sex, fortel den svært religiøse sjåføren vår, Vladimir Narcisse.

– Dei held fram sjølv no. Etter skjelvet, seier han. Eigentleg er Vladimir kjemilærar, med medisinsk eksamen i tillegg.

Vodou

Skulen han arbeidde på fall ned over studentane hans, og i ei veke har han med samanbitt mine køyrd oss rundt i ruinane. Meir enn ein gong redda oss ut av vanskelege situasjonar.

– Dessutan, seier han alvorleg.

– Om natta står mange av dei døde opp frå gravene. Voodoo, forklarer han.

Les også: Svelt i karibisk paradis

BØNNEMØTE: En kvinne strekker armene i været under et bønnemøte i Port-au-Prince.BØNNEMØTE: En kvinne strekker armene i været under et bønnemøte i Port-au-Prince. Foto: Kjetil Iden / TV 2

Vladimir er ikkje den einaste vi har snakka med, som i fullt alvor fortel historie om slangar som kryp under huda på folk, og krev pengar for å forlate dei.

Om menneske som skapar seg om til hestar om natta, og som galopperer kvilelaust mellom dei overlevande som søv på gata.

Les også: 106 barn fraktet ut av katastrofen

Straffa frå Gud

Ein tung bassrytme når inn i bilen, og vi stansar opp.

– Det er dette vi har høyrt på bilradioen i heile dag, fortel ein entusiastisk Vladimir.

Ein haitisk pastor er tilbake frå USA for å sanke nye sjeler.

SANKER NYE SJELER: Ein haitisk pastor er tilbake frå USA for å sanke nye sjeler.SANKER NYE SJELER: Ein haitisk pastor er tilbake frå USA for å sanke nye sjeler. Foto: Kjetil Iden / TV 2

Tolmodig har Vladimir utan oppfordring formidla pastoren sin bodskap til oss heile dagen.

– Jordskjelvet er ei straff frå Gud. Vi må vedkjenne oss våre synder, og vende oss til Herren.

Vi banar oss vei inn i folkemassen. Folk dansar som zombiar. Svingar armane over hovudet og syng av full hals.

Dei suggererande rytmane tar tak i oss også. Det kjennes absurd men herleg, etter å ha sett massegraver og brente lik i gatene. Beina byrjar å leve sitt eige liv, fangar rytmen og kroppen svingar.

Bakken gyngar igjen under føtene. Eg løfter hendene mot himmelen og syng med.

SE OGSÅ: Reporter i et sønderknust land



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Anslår over 300.000 døde etter jordskjelvet
Anslår over 300.000 døde etter jordskjelvet

Anslaget på døde etter jordskjelvet i Haiti stiger.

Har avsluttet søk etter overlevende
Har avsluttet søk etter overlevende

Ti dager etter at Haiti raste sammen, fantes det fremdeles liv i ruinene. Lørdag ble søket avsluttet.

Norge dobler nødhjelpen til Haiti
Norge gir totalt 200 millioner i nødhjelp til Haiti

Regjeringen har besluttet å gi til sammen 200 millioner kroner i nødhjelp til jordskjelvrammede Haiti.

Haitiere vil trenge bistand i årevis
Haitiere vil trenge bistand i årevis

Flere hundre tusen haitiere må belage seg på å leve i midlertidige boliger og av utenlandsk bistand i flere år framover.

Overlevde på Cola og snacks i elleve dager
– Mann funnet i live i ruinene

Elleve dager etter jordskjelvkatastrofen i Haiti gravde redningsmannskaper fram en 23-åring.

Sulter i karibisk paradis
Svelt i karibisk paradis

På øya la La Gonave utanfor Port-au-Prince er det matmangel etter at over 5000 menneske har flykta frå katastrofeområdet til øya.

84 år gammel kvinne funnet i live i ruinene
84 år gammel kvinne funnet i live i ruinene

Funnet i ruinene av sitt eget hus – ti dager etter jordskjelvet.

69-åring reddet fra ruinene ti dager etter jordskjelvet
69-åring reddet fra ruinene ti dager etter jordskjelvet

Legene jobber på spreng for å redde kvinnen som ble funnet i ruinene fredag.

Denne gutten skapte overskrifter verden over
Denne gutten skapte overskrifter verden over

Kiki sier han fikk hjelp av Gud for å overleve. Nå lever han og familien i elendighet.

 
  

Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen

Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...


reklame