Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Europas største lottogevinst gjekk til ein heldig brite.
Onsdag vakna ein brite, truleg med verdas breiaste glis rundt munnen.
Han eller ho har nemlig sikra seg ein gevinst på 1,4 milliardar kroner etter trekninga i lotteriet EuroMillions.
Noko som gjer personen blant dei 420 rikaste i Storbritannia, skriv The Mirror.
LES OGSÅ: To lottovinnere delte én milliard
– Dette er tidenes største gevinst i Europa, og kjem berre kort tid etter ein annan storgevinst på heile ein milliard kroner i fjor haust, seier ein talsmann for nasjonallotteriet i Storbritannia til BBC.
Det var fleire land i Europa som var med i trekninga. Både England, Frankrike, Spania, Østerrike, Belgia, Irland, Luxembourg, Portugal og Sveits var med å kjempa.
107: Om det var du som vann i lotto, og er busett i Storbritannia, kan du ta deg råd til 107 bilar av denne typen, Bugatti Veyron. Foto: Markus Schreiber/Ap
Men kven som vann prisen er ikkje kjent, heller ikkje kvar i Storbritannia
vedkomande er ifrå, difor foregår det no ei storstilt jakt på den nye
milliardæren på øyriket.
Lottofeberen har vore ekstremt høg på øyriket i det siste.
På det meste selde dei 900 lodd i sekundet i Storbritannia åleine, det tilsvarar over tre millionar lodd i timen, skriv The Mirror.
På fredag var det ei trekning, men ingen hadde dei rette tala.
For å vinna måtte du ha fem rette tal, pluss to tilleggstal.
Avisa The Telegraph har fleire forslag til kva du kan gjera med pengane.
Mellom anna kan du kjøpa fotballspelaren Christiano Ronaldo, og likevel sitja igjen med halvparten av pengane dine.
Eller du kan kjøpa kunst. Det dyraste kunstverket som er seld til no er Picasso sitt meisterverk «Nude» som gjekk for £70.000.000 på ein auksjon i 2010.
Alternativt kan vinnaren kjøpa seg 107 Bugatti Veyron, verdas raskaste bil.
Med norske avgifter får du nok litt færre bilar for same summen.
SIT IGJEN MED PENGAR: Real madrid brukte £80.000.000 på Christiano Ronaldo. Gjer du det same, sit du igjen med like mykje pengar på konto etterpå. Foto: KHAN TARIQ MIKKEL/AP
| Publisert | 13.07.2011 12.50 |
| Oppdatert | 13.07.2011 12.50 |
