Nakne herrar møtte kvinner som strippa til rugbykamp
Faren for å riving i trøya halvert, og vel så det.
Ein naken rugbyspelar frå Nude Blacks prøver å stoppa den spanske motspelaren på Las Conquistadoras. Foto: MARCOS BRINDICCI/Reuters
Sveitte treningstrøyer og sure sokkar finst ikkje i Nude Blacks garderobe.
Rugbylaget Nude Blacks, eit amatørlag på New Zealand, gjer som namnet seier;
spelar utan ein tråd.
Laurdag stilte dei til kamp mot spanske erobrarar, kvinnelaget Las Conquistadoras frå Barcelona, ifølge nyheitsbyrået AFP.
Les også: Belle tilbyr toppløs rengjøring
Stripperugby lansert
Fleire hundre skuelystne hadde møtt fram på Dunedin's Kettle Park.
Det heile starta med tradisjonell hakaoppvisning av mannfolka frå New Zealand, mens kvinnene dansa, før erobrarane i rosa gjekk i krigen mot dei nakne newzealendarane.
Men avtalen var som følgjer; for kvart mål dei katalanske kvinnene fekk inn, røyk eit plagg hos målscoraren. Ved full tid sto det 25-20 til Las Conquistadoras, og to av dei spanske kvinnene
hadde kun undertøyet igjen da kampen var over.
OPPVARMING: Nakenspelarane på Nude Blacks varmar opp før kampen mot Las Conquistadora. Foto: STEFAN WERMUTH/Reuters
Herrane frå New Zealand innrømma at dei ikkje tok den heilt ut, men spelte for noko redusert maskin mot kvinnene på besøk frå Europa.
– Det var vanskeleg å spela mot jentene fordi vi ikkje kunne spela 100 prosent, fortel Brad Henderson.
Vanessa Pleguezuelos på Las Conquistadoras innrømmer på si side at ho trudde mannfolka kom til å vera endå meir forsiktige mot dei.
Les også: Syklet naken i byen – fikk advarsel for manglende hjelm
– Som einkvar kamp
Pleguezuelos på det spanske laget, som kom til New Zealand etter å ha vunne ein konkurranse, insisterer på at det ikkje var distraherande å spela mot nakne menn.
– Vi spelte som om det var kva som helst anna kamp, seier Pleguezuelos.
Nakenlaget Nude Blacks spelte sin fyrste kamp i 2002, og nakenrugby skal ha blitt meir populært for kvart år som er gått. Og som mykje anna - Nude Blacks starta som ein spøk.
PS: Sjekk ut kampen øverst, men dette er ikkje for sarte sjeler.
| Publisert | 10.09.2011 19.22 |
| Oppdatert | 10.09.2011 19.24 |
Kommentarer er fjernet etter kl. 00.00 og blir åpnet igjen kl. 06.00.

