Loreen og Sverige
vant Eurovision-finalen
Og Tooji og Norge havnet på jumboplass...
Musikarar og publikum måtte gå i to timar før dei nådde konsertlokalet i spektakulære Molladalen på Sunnmøre.
Veggane i lokalet er 1400 meter høge og musikkverket som blei framført var spesialskrive for å lokke huldra ut av fjellet.
Det blei ei heilt spesiell oppleving for fjellturistar i Molladalen på Sunnmøre.
Komponist Knut Olaf Sunde har skrive eit musikkverk som han insisterer på at kun skal framførast i den spektakulære fjelldalen som er vide kjend for sine taggete fjell.
Fire musikarar frå blant andre Kringkastingsorkesteret og Kongelege Norske Marines Musikkorps drog med seg publikum til tre ulike stadar i dalen der akustikken gjorde at tonane blei kasta mellom fjella.
– Nauta spesielt, var kommentaren frå Njål Vikanes som var ein av tilhøyrarane.
Komponist Knut Olaf Sunde var oppteken med barnefødsel heime i Oslo, men musikarane var svært nøgde med konserten som blei halden i opphaldsver og til tider sterk vind.
| Publisert | 29.07.2009 22.10 |
| Oppdatert | 29.07.2009 23.07 |
