PLANKAR PÅ HAI: Her plankar Ellen Kathrine Olsen på ein ti meter lang hai.
PLANKAR PÅ HAI: Her plankar Ellen Kathrine Olsen på ein ti meter lang hai. Foto: Arild Olsen

Her planker Ellen (17) på en ti meter lang hai

– Skulle me ein gong planka, måtte det verta no, seier Ellen Kathrine Olsen etter å ha planka haien.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

– Det var eit artig innfall me fekk, seier Ellen Kathrine Olsen.

Saman med halvbroren Bendik Hamsund (14) var ho med faren ut for å trekke opp eit øydelagd laksegarn utanfor hytta i Brennegam i Finnmark.

Del på facebook

Det var då dei oppdaga kjempefisken.

Skjønte ikkje kor stor haien var

– Fyrst såg me berre finna på fisken, men eg hadde ingen ide om kor stor den faktisk var, seier ho til TV2.no.

For i garnet hadde det surra seg inn ei ti meter lang brugde.

Saka held fram under biletet

STOR FISK: Slik ser ei brugde ut i sitt rette element. STOR FISK: Slik ser ei brugde ut i sitt rette element. Foto: Chris Gotschalk/Wikimedia Commons

– Eg har aldri sett ein så stor fisk før, seier ho.

Det var avisa Finnmarken som fyrst skreiv om den noko uvanlege plankinga.

Ho seier at det var broren Bendik som fyrst ville gå ut på det store dyret. Det var han som byrja å snakka om planking

– Så vart me einige om å berre gjera det.

LES OGSÅ: Fikk verdens nest største fisk i garnet i Finnmark NØGD: Ellen K. Olsen godt nøgd etter vel gjennomført planking. NØGD: Ellen K. Olsen godt nøgd etter vel gjennomført planking. Foto: Arild Olsen

– Korleis var det å planka på det store dyret då?

Slimete hai

– Det var litt spesielt. Det var veldig god plass på den, seier ho.

Brugde er ein haiart som kan verta 10-15 meter lang. Han lever av små krepsdyr. Fisken lever i Nord-Atlanteren og Stillehavet. Om sommaren finst han langs norskekysten, nord til Norskehavet.

Brugder vart fanga med harpun i Noreg frå 1750 til 1820, men fangst er no ulovleg, skriv Wikipedia.

LES OGSÅ: Så nære var kajakkpadleren den store haien

Brugda var veldig slimete, men den støyten var det veslebroren som tok.

STOR FISK: Det er store dimmensjonar over brugda som rota seg inn i garnet til Arild Olsen. Før det kom inn i hans garn, hadde den surra seg inn i eit anna garn. STOR FISK: Det er store dimmensjonar over brugda som rota seg inn i garnet til Arild Olsen. Før det kom inn i hans garn, hadde den surra seg inn i eit anna garn. Foto: Arild Olsen

– For meg var det heilt greitt, for Bendik fekk alt slimet på seg, seier ho.

– Men kvifor akkurat planking?

– Eg veit ikkje, det var berre eit artig innfall me fekk, seier ho.

Ingen større planar om meir planking

Ho har aldri planka før, og har ikkje store planar om å gjera det igjen.

– Eg har ikkje planlagt noko i alle fall, sluttar ho.

LES OGSÅ; I andre enden av fiskestangen er det et gigantisk monster

Fisken enda sine dagar til havs. For pappa Arild Olsen drog med seg fisken ut på djupt hav for at den skulle sykna til botn.

– Det er ikkje mange slike brugder i området. For ungane var det nok artig med denne «fangsten», men det vart jo mykje ekstraarbeid og øydelagde garn, seier Arild Olsen til Finnmarken.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Fikk verdens nest største fisk i garnet i Finnmark
Fikk verdens nest største fisk i garnet i Finnmark

Superbonus for svensker på fiskeferie.

Så nære var kajakkpadleren den store haien
Så nære var kajakkpadleren den store haien

– Den kommer rett mot deg, ropte forskrekkede tilskuere.

I andre enden av fiskestangen er det et gigantisk monster
I andre enden av fiskestangen er det et gigantisk monster

Fire mann måtte til for å få beistet opp i båten.

I heite for ei kveite 
* 210 kilos kveite tatt med stang
I heite for ei kveite

Fikk kjempekveite på 210 kg på stang. Måtte taue fisken i land.

Her blir flest angrepet av hai
Her blir flest angrepet av hai

Rekordmange blir utsatt for haiangrep.

Jason (29) fikk 170 kilos hai i båten
Jason (29) fikk 170 kilos hai i båten

Det er tidenes fangst for den unge fiskeren fra Texas, men det var ikke frivillig på noen som helst måte.

Her går haien løs på båten til hobbyfiskerne
Her går haien løs på båten til hobbyfiskerne

Tre menn fikk seg en ubehagelig opplevelse under en fisketur i Australia. Se video.

Her angriper haien
Her angriper haien

En dykker slapp unna med skrekken da en sulten hai gikk til angrep utenfor Maine i USA. Videokameraet fanget angrepet.

Kan ha spist utrydningstruet hai i «Sommertid» på TV 2
Kan ha spist utrydningstruet hai i «Sommertid» på TV 2

Marinbiolog er skråsikker på at haien som ble fanget utenfor Karmøy var en utrydningstruet håbrann.

 
Comments powered by Disqus
  

Skal det være en topphemmelig
atomsikker ubåtbase?

Forsvaret selger en på Finn.no. Kun 105 millioner.


reklame