EU-Kommusjonen har sett i gang eit nytt prosjekt som skal får unge arbeidsledige i arbeid. Kommisjonen vil tilby dei unge utan arbeid pengar for å søkja jobb i andre EU-land, skriv den danske avisa Arbeid.dk.

Over 50 prosent av unge i Spania er utan jobb.

Tilbodet gjeld arbeidsledige i alderen 18-30. Fyrst kan dei få kring 2000 danske kroner for å dra på jobbsamtale i utlandet. Får dei jobben, vil EU bidra med mellom 4000 og 9000 kroner i flyttehjelp.

– Mange ledige jobbar

I Danmark er det Aarhus kommune som skal administrera ordninga.

LES OGSÅ: Kvinne mistet jobben i Aten – truet med å hoppe fra balkong

Ifølgje Ea Nielsen, ved Beskæftigelsesforvaltningen i Aarhus kommune, er det mange ledige jobbar i unionen. På den europeiske jobbportalen er det på noverande tidspunkt kring 1,2 millionar ledige jobbar rundt om i Europa.

Nielsen forventar at nokre hundre danskar vil dra i veg til andre land for å søkja jobb, med denne støtta.

Talet på EU-borgarar utan jobb er rekordhøgt. Verst er det i Spania der over 24 prosent er utan jobb, og der arbeidsløysa blant unge er 51,5 prosent.

LES OGSÅ: Har to mastergrader – får ikke jobb

– Mangel på sjukepleiarar i Sverige

Dei ferskaste tala frå EU, som viser arbeidsløysa i april, opererer med ei arbeidsløyse på 11 prosent i eurosona, og 10,3 prosent for alle 27 EU-landa. Blant unge under 25 er arbeidsløysa 22,4 prosent i heile EU.

Her til lands er arbeidsløysa på 3 prosent.

Medan situasjonen har blitt stadig verre i mange EU-land, har mange EU-borgarar, særleg søreuropearar, også reist til Noreg for å finna betre kår. Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap) gikk tidligere i år ut og bad søreuropearar som kjem til Noreg utan å finna jobb, om å reisa heim igjen.

Dei største gruppene med arbeidsinnvandrarar i Noreg er framleis svenskar og polakkar.

Tanken bak prosjektet for å få unge EU-borgarar i arbeid, er at det i nokre land faktisk er mangel på enkelte arbeidarar. Ifølgje Ea Nielsen er det for tida mangel på sjukepleiarar i Tyskland og Sverige.

LES OGSÅ: Ikke enighet om veksttiltak i EU

Mange søreuropearar utan arbeid har også reist til Latin Amerika og Afrika for å søka jobb.