Skal det være en topphemmelig
atomsikker ubåtbase?
Forsvaret selger en på Finn.no. Kun 105 millioner.
Bergensaren Trond Mohn hadde i 2010 ei skattbar inntekt på 359.265.129 kroner i 2010.
Ifølgje skattelistene for 2010 er det endringar på lista over kven som hadde høgast skattepliktig inntekt. Medan Einar Aas kunne titulera seg som inntektskonge i 2009, har bergensaren Trond Mohn klatra oppover og innehar no plass nummer éin.
Trond Mohn hadde i året som gjekk ei inntekt på 359 265 129 millionar kroner og betalte 142,2 millionar kroner i skatt - Mohn tronar dermed også på toppen av lista over dei som i 2010 spytta inn dei største summane i skattekassa.
Her kan du sjå ei liste over dei 100 med høgast inntekt i 2010.
Plassen etter Mohn på denne lista har mannen med den største formuen i 2010, tobakksarving Johan Henrik Andresen jr. Tobakksarvingen betalte 138,8 millionar kroner i skatt.
Her kan du søka i dei nyaste skattelistene på skatteetaten.no
Trond Mohn har også ein klekkeleg formue og innehar plass nummer fem på lista over dei mes størst formue i 2010. Frå 2009 til 2010 auka Trond Mohn formuen sin med kring 700 millionar kroner og nærmar seg no fire milliardar kroner i formue.
Sidan midten av 80-talet har Mohn vore administrerande direktør i familiebedrifta Frank Mohn AS, blant dei største arbeidsplassane på Vestlandet. Mohn har no gitt stafettpinnen vidare til sonen, Fredrik Wilhelm Mohn.
Sjekk kven som tente mest i din kommune.
Mohn er også kjent som medlem av Arbeidarpartiet, han er kommandør av St. Olavs Orden og har i mange år aust raust frå si enorme pengebinge pengegåver til ulike formål. Opp gjennom åra har den gåvmilde bergensaren trulig gitt vekk meir enn éin milliard kroner til blant anna forsking, idrett og kultur.
Les også: Ap-milliardær fortviler over regjeringens gave-kutt
Blant dei ti som tente mest i 2010 er det åtte menn og to kvinner: Kirsten Wøien og Gry Marit Eikremsvik. Plassen etter Trond Mohn har Christen Sveaas med ei inntekt i 2010 på 318,2 millionar kroner. Sveaas betalte betalte 99, 4 millionar kroner i skatt og hadde ein formue på 911,6 millionar kroner.
| Publisert | 21.10.2011 07.44 |
| Oppdatert | 21.10.2011 07.44 |
Forsvaret selger en på Finn.no. Kun 105 millioner.
