Tysdag sender Skatteetaten ut årets sjølvmelding. Samtidig kan du logga deg inn på Skatteetaten sin nettportal Altinn og sjekka sjølvmeldinga di elektronisk. I fjor sa det bom stopp på Altinns sider då «heile Noreg» skulle sjekke sjølvmeldinga samstundes.

Skatteetaten venter seg ikkje ein slik reprise.

– Det er slik at dersom heile Noreg vil inn samstundes, så er ikkje den elektroniske døra vid nok. Men veldig, veldig mange tusen kan vera inne på ein gang, seier Astrid Bugge Mjærum, kommunikasjonsdirektør i Skatteetaten.

Altinn har saman med leverandørar retta fleire feil, fortel Bugge Mjærum.

– Men dersom veldig mange vil inn samstundes, kan det henda at du får ei melding om å venta litt, seier ho.

Nytt av året

Det er tre endringar i år, samanlikna med tidlegare år.

  • Beløp for tap og gevinst ved aksjesal har skatteetaten fylt ut for deg.

Beløpet som er førehandsutfylt er samla gevinst eller tap for sal av alle aksjar i 2011. Dette gjeld i overkant av 150.000 skattytarar.

  • Framførbart underskot frå tidlegare år har skatteetaten fylt ut for deg.

Det kan til dømes vera personar som har seld bustad eller aksjar med store tap, personar med store lån og høge rentefrådrag, men låg inntekt, eller næringsdrivande som har hatt underskot. Dette gjeld i overkant av 82.600 skattytarar.

  • Frå 1. januar kom det nye skattereglar for pensjonistar.

Desse får verknad på sjølvmeldinga for 2011. Det er innført skattefrådrag for mottakarar av alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP).

Her kan sjekka inntekts- og formuetoppen for skatteåret 2010 i din kommune.

To tredjedelar leverte ikkje

Kommunikasjonsdirektøren i Skatteetaten understrekar at det er viktig at alle sjekkar sjølvmeldinga grundig. Den ferdigutfylte sjølvmeldinga er i utgangspunktet berre eit utkast.

– Det er viktig at alle sjekkar dei opplysningane som er oppført. Alle har ansvar for å sjekka at alt er rett, seier Bugge Mjærum.

Dersom alt er korrekt, treng ikkje vanlege lønstakarar og pensjonistar levera sjølvmelding.

– Dette var noko to tredjedelar nytta seg av i fjor, ifølgje Bugge Mjærum

Næringsdrivande kan ikkje nytta seg av leveringsfritak.

LES OGSÅ: Slik får du rett skatt på få minutter og Dette bør du vite om selvangivelsen

Datoane du må hugsa:

  • Frist for innlevering for vanlege lønstakarar og pensjonistar: 30. april.
  • Frist for levering på papir for selskap: 31. mars.
  • Frist for levering på papir for næringsdrivande: 30. april.
  • Du kan søkja om éin månads leveringsutsetting: Frist for å søkja om utsett frist er 30. april (vanlege lønsmottakarar og pensjonistar)
  • Frist for elektronisk levering for selskap og næringsdrivande: 31. mai.
  • Næringsdrivande som leverer elektronisk kan søkja om utsetting til 15. juni. Næringsdrivande som leverer på papir kan få 14 dagars utsetting: Frist for søknad om utsetting: 31. mai.

Oppgjeret kjem...

Kring 413.000 har vald å berre få elektronisk versjon av sjølvmeldinga. – Det er nokon fleire enn i fjor, seier Bugge Mjærum.

Men alle som framleis får dokumenta i posten, kan også sjekka sjølvmeldinga si på nett.

Det blir sendt ut i overkant av 4,4 millionar sjølvmeldingar. 3,6 millionar sjølvmeldingar går ut til vanlege lønsmottakarar og pensjonistar, medan nærare 350.000 går til næringsdrivande.

– Og når kjem skatteoppgjeret?

– Det aller fyrste kjem 25. juli. Frå siste veke i juli kjem det løpande oppgjer fram til og med 17. oktober, seier Bugge Mjærum.