- Kom til Norge
Med brosjyrar og plakatar skal arbeidsledige islendingar lokkast til Noreg. Foto: TV 2

- Kom til Norge

Eit kriseramma Island kan redde arbeidssøkjande norske bedriftar. Norske headhuntarar flokkar no til øya.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del

- Her inne håper vi å plassere eit par islendingar.

Administrerande direktør i Bano AS, Kai-Rune Klubben, slår ut hendene inne på eit tomt kontor. Bano treng folk, og bedrifta er ei av minst 70 norske bedrifter som no jaktar på islandsk arbeidskraft.

Var best i verda

For arbeidsløyse er ikkje lenger eit framandord på Island. Etter at finanskrisa slo beina under den islandske økonomien i oktober har arbeidsløysa skote i været.

Og verre vil det bli til neste år. Dette er eit nytt problem for sagaøya, som lenge har hatt verdas lavaste arbeidsløyse.

- Vi ser på Island som ein interessant marknad. Vi vurderer islendingane som folk med svært høg arbeidsmoral, og dersom vi finn nokon med den rette kompetansen så er dei hjerteleg velkomne hit til Bergen, seier Klubben, og kikkar bort på ein av dei tomme kontorstolane.

Administrerande direktør i Bano AS, Kai-Rune Klubben, håper å finne folka han leiter etter på Island.Administrerande direktør i Bano AS, Kai-Rune Klubben, håper å finne folka han leiter etter på Island. Foto: TV 2

Oppbemanning i Bergen

Bano har uvtikla baderomsinteriør for folk med nedsette fysiske funksjonar, og leverer mellom anna til sjukehus og eldreheimar. Trass i nedgangstidene opplever selskapet kraftig vekst, og må difor oppbemanne snarast.

Det er i første omgang produktansvarleg Bano er på utkikk etter, men selskapet treng også salspersonell. Det er stillingar ledig både i Bergen og på kontoret i Stockholm.

Også i Norge blir det stadig fleire arbeidsledige, men Bano-sjefen har ikkje dårleg samvit for å satse på utanlandsk arbeidskraft.

- Nei, vi jobbar i heile Skandinavia, så sjølv om vi er eit norsk selskap så er det ingen automatikk i at nordmenn er best kvalifisert, slår Klubben fast.

- Du har nevnt at islendingane har svært høg arbeidsmoral, synest du dei er å foretrekke framfor nordmenn?

- Neida, dersom det er nordmenn med riktig kompetanse så er dei velkomne til å søke også, seier direktøren.

Friarferd til Island

Bano gjer som mange andre norske selskap, dei deltek på ei jobbmesse i Reykjavik denne helga.

Bano og ei rekke andre bedrifter blir representerte av det europeiske kontoret til NAV, Eures. I tillegg har seks norske rekrutteringsfirma teke turen til Reykjavik for å hanke inn islandske arbeidsjern. Rådgjevar i Eures, Ragnhild Synstad, håpar mange islendingar vil freiste lykka i Noreg.Rådgjevar i Eures, Ragnhild Synstad, håpar mange islendingar vil freiste lykka i Noreg. Foto: TV 2

- Vi er på utkikk etter alt frå folk med doktorgrad til ledige jobbar i Kristiansand, til tilsette i oppdrettsnæringa i Finnmark, seier rådgjevar i Eures, Ragnhild Synstad.

- Men aller størst behov er det for kompetanse innan teknisk sektor, til dømes sivilingeniørar, legg ho til, før ho plasserer ein ny bunke med brosjyrer på standen sin. Det er hektisk aktivitet i messeområdet der den siste finpussen skal leggast før messa skal opne.

- Det er veldig spesielt at vi er på jobbmesse akkurat her på Island, for landet hadde jo verdas lavaste arbeidsløyse berre inntil for nokre veker sidan. Men no har det endra seg og dei har overskot på arbeidskraft, seier Synstad.

Sjå reportasjen fra Island her:
(artikkelen fortsetter under)

Søker kun mangelfull kompetanse

I alt er det åtte land som skal delta på jobbmessa.

På Island er det spesielt mange som har spurt etter jobbar i Norge, og dei vil få nok å velje mellom - NAV og dei norske rekrutteringsbedriftene har med seg i alt 350 stillingar i kofferten. Før vi rekk å spørre seier Synstad:

- Vi vil understreke at vi berre søker etter kompetanse vi ikkje finn i Norge.

- Er de sikker på det? De har jo med stillingar innan svært mange ulike bransjar.

- Ja, vi håper det. Bedriftene seier at dette er stillingar som dei har lyst ut i Norge, utan hell, seier Synstad.

Ho legg til at dei ikkje har med stillingar innan til dømes bygg og anlegg, bransjen som slit mest i Norge.

Norske fjordar og fjell er vakkert å sjå på, men arbeidsplassane som tilbys er truleg lokkemat nok for kriseramma islendingar.Norske fjordar og fjell er vakkert å sjå på, men arbeidsplassane som tilbys er truleg lokkemat nok for kriseramma islendingar. Foto: TV 2

- Bergen er best!

Tilbake i Bergen ventar Bano-sjefen spent på utfallet av jobbmessa.

- Vi håper sjølvsagt vi får inn interessante søkerar som vi kan ta inn på intervju. Og dersom kompetansen og kjemien stemmer så vil vi tilby dei jobb, seier Kai-Rune Klubben.

På sedvanleg vis bøttar regnet ned utanfor kontoret i Bergen sentrum. Vinden susar rundt hjørnet med piskande kuldegrader. Vi må jo berre spør:

- Men, trur du mange islendingar har lyst å flytte hit då?

- Ja visst! Bergen er jo en fantastisk by. Og eg er sikker på at været er betre her enn på Island, ler han.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Nordiske milliarder til Island
Nordiske milliarder til Island

Danmark, Finland, Sverige og Norge går sammen om et lån på 17,6 milliarder kroner til den kriserammede øya.

Island får milliardlån
Island får milliardlån

Det internasjonale pengefondet har gitt Island et lån på nærmere 15 milliarder kroner.

Cybersuksess på Island
Cybersuksess på Island

Noen islandske gründere går mot strømmen og har klart å snu krise til suksess. Møt skaperne av EVE Online.

Billige helseoperasjoner på Island
Billige helseoperasjoner på Island

Den lave islandske kronekursen brukes nå for å lokke norske pasienter til Island.

Øynasjon i krise
Øynasjon i krise

Fyllebråk, vold og vinningskriminalitet stiger på Island. Nå maner Kirken folket til samhold.

Luksusboom på Island
Luksusboom på Island

På kriserammede Island har salget av luksusklokker eksplodert.

Island fortviler
Island fortviler

Det internasjonale pengefondet utsetter kriselånet til Island.

 
Comments powered by Disqus

reklame