Sildefisket på Møre-kysten like godt som på 50-tallet

Akkurat no foregår eit eventyrleg sildefiske på Møre-kysten.

Del med andre:
Facebook Twitter Epost Del
 

Silda står så tett at fiskarane har problem med for mykje sild i nøtene. Får dei for mykje kan nota bli sprengd og millionar av sild døyr av oksygenmangel. TV 2s reporter frydet seg på sildefisket.TV 2s reporter frydet seg på sildefisket. Foto: TV 2

Fantastisk vær og fiske

I eit fantastisk ver ligg 70 båtar med nøtene fulle av sild. Kystvakta overvakar fisket med fly og skip og melding blir sendt til fiskarane over radio om at dei må vere forsiktig i fisket for å hindre notsprenging. Skipssjef Ståle Vorland på KV Ålesund er imponert over måten fisket blir gjennomført på.

– Eg er imponert over fiskarane. Vi har ikkje hatt ei einaste notsprenging til no i fisket, og det er godt gjort når vi ser mengdene av sild i havet. Vi klarer ikkje å måle djupna i sjøen fordi signala frå ekkoloddet blir stoppa av sildestimane. Der det er 100 meters djupne viser loddet 20 meter, seier skipssjef Ståle Vorland til TV 2.

Større mengder enn på 1950-tallet

I det store sildeåret 1956 tok norske og utanlandske fiskarar opp omlag 2 millionar tonn sild. No er fisket regulert, men den norske og internasjonale kvoten er på 1,4 millionar tonn. Norge har aleine 895 000 tonn.

Gytebestanden er derimot på mellom 10 og 12 millionar tonn. Dette er heilt på høgde om ikkje meir enn i dei gode sildeåra. Verdien av det norske fisket i år kjem opp i 2,5 milliardar kroner.

Siger for norsk fiskeriforvaltning

Etter kollapsen av sildefisket på 1960 talet blei silda freda. Det er resultatet av fredinga som er årsaka til at silda no er tilbake i slike mengder.

– Vi starta eit forsiktig fiske på midten av 1980 talet. I 1997 – 98 kom kvotene opp, og i dag fiskar vi på enorme gytebestandar frå 2002 og 2004. Desse bestandane gjer at vi kan ta ut store mengder sild i mange år framover, seier nestleiar ved Havforskingsinstituttet Ole Arve Midsund til Tv2.

Forvaltninga av sildefisket med reglar for kor mykje som kan haustast er ein siger for norsk fiskeriforvaltning. Igjenoppbygginga av sildebestanden har vekt internasjonal oppsikt og andre land ser til Norge for å lære.

– Vi ser at vi har fått gjennomslag for ei streng fiskeriforvaltning, og det har resultert i at situasjonen for fiskebestandane i Barentshavet og Norskehavet er god. I Nordsjøen har vi utfordringar, men det har samanheng med Eu’s fiskeripolitikk , seier Midsund. Det er enorme mengder sild i havet.Det er enorme mengder sild i havet. Foto: TV 2

Vågar ikkje kaste

Om bord i ringnotbåten Skår Senior sit skipper Roy Skår. Han har nettopp tatt opp 200 tonn sild, og leitar etter nye stimar han kan kaste på.

– Eg ser på måleinstrumenta at vi er over ein stim på fleire tusen tonn sild, men det er berre å gløyme,seier han. Kastar eg på dette sprenger eg nota så vi får leite vidare. Artig med sildefiske her på Møre-kysten, seier han og gliser. Kastet han nettopp har gjort unnan på nokre minutt gir han og mannskapet inntekter på ein halv million kroner.



Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
Les også:
Ny eksportrekord for norsk sjømat
Ny eksportrekord for norsk sjømat

Det ble i 2009 eksportert norsk sjømat for nærmere 45 milliarder kroner. Det er ny rekord.

EU fastsetter fiskekvoter uten norsk avtale
EU fastsetter fiskekvoter uten norsk avtale

De foreløpige kvotene vil bli kunngjort tirsdag.

Enorme mengder torsk i Barentshavet
Enorme mengder torsk i Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet er no på sitt høgste nivå sidan krigen.

 
Comments powered by Disqus
reklame