Skah pågrepet på
grunn av trusler mot
Jonas Gahr Støre
Den tidligere OL-vinneren er tiltalt for trusler, bekrefter hans advokat
Sprinklaranlegget løyste seg ut på grunn av varme frå gassomn.
– Det som har skjedd er at ein varmeomn truleg har stått for nært sprinklaranlegget, så har det eksplodert på grunn av varmen, seier Per Scahrling i Bergen brannvesen til tv2.no.
Det sat to gjester rett under sprinklaranlegget på Peppes Pizza, som fekk ei våt oppleving.
Men ingen personar vart skadd i hendinga.
LES OGSÅ: Ulykkeshelikopter traff bakken i 200 km/t
Men det store restauranthuset med plass til fleire tusen gjester måtte evakuerast.
Zachariasbryggen i Bergen er eit restauranthus med heile tolv restaurantar og uteplassar. Det er plass til fleire tusen menneske i bygget.
Dei fyrste meldingane var langt meir dramatiske.
EVAKUERTE: Gjestene på Peppes Pizza vart evakuert når det small. Foto: Gunhild Tinmannsvik/TV 2
– Det har vore ein eksplosjon i ei propanflaske, sa operasjonsleiar Jan Steimler ved Hordaland politdistrikt til tv2.no.
Opplysningane han sat med tilsa at eksplosjonen skjedde inne på Peppes Pizza.
LES OGSÅ: Mor og datter funnet omkommet etter havari i Finnmark
– Ingen personar kom til skade, det er heller ikkje meldt om brann på staden, sa Steimler.
LES OGSÅ: Elly-saken: – Det er noe som er galt når de blir sluppet fri så raskt
| Publisert | 03.07.2012 23.22 |
| Oppdatert | 04.07.2012 00.13 |
Den tidligere OL-vinneren er tiltalt for trusler, bekrefter hans advokat
