– Alle som kjenner meg og min familie veit at me har eit totalt motsett syn enn Peder, men no er det jo slik at det er ytringsfridom her i landet, seier Steinar Nøstvold Jensen til Sunnmørsposten.

VG har i dag, fredag, avslørt at ekstremistbloggaren «Fjordman» eigentleg er 36 år gamle Peder Nøstvold Jensen frå Ålesund, som bur og arbeidar ved eit dagsenter i Oslo. «Fjordman» skal ha vore det store førebiletet til terrorsikta Anders Behring Breivik.

Kjente til islam-haldningane til sonen

For Nøstvold Jensen kom det som ei overrasking på han at det var sonen som var ekstrembloggaren «Fjordman», men han seier til avisa at han lenge har kjent til sonens haldning til islam. Men det er berre ei veke sidan han fekk vita at det er sonen som opererer under pseudonymet «Fjordman»

LES OGSÅ: Breiviks forbilde «Fjordman» står fram i VG

Foreldra til «Fjordman» er kjente personlegdommar i den byen. Faren er kjent som konsertarrangør medan mora, Aud Farstad er historikar, forfattar, kronikk- og frilansskribent.

Framleis glad i «Fjordman»

Nøstvold Jensen seier han framleis er glad i sonen sin.

LES OGSÅ: Vidar Kleppe: – Dette er jo en katastrofe

– Det er jo sonen min framleis, og eg elskar han, seier Nøstvold Jensen til smp.no.

Han meiner sonen eigentleg er ein fredsam person.

Mor til «Fjordman» vil ikkje ta diskusjonen om sonens meiningar i media.

Det har ikkje lukkast TV2.no å komma i kontakt med Steinar Nøstvold Jensen.