– Det mest nervepirrande var om Sea King-helikopteret klarte å levera taubaggane ned i korga. Helikopteret måtte gå for full kraft der oppe, seier leiar for Sunnmøre alpine redningsgruppe, Jan Gunnar Hole til TV 2.

Han seier at det er kraftig vind og mykje turbulens så fort ein kjem seg høgare opp enn bakkenivået.

Vurderte fleire alternativ

– Hadde me ikkje klart å levera dei baggane hadde me hatt større utfordringar, innrømmer han.

Politiet og redningsgruppa vurderte fleire alternative måtar å redda dei to menna ned frå den vesle korga, 100 meter over Nordfjorden.

NERVØS: Reidun Starheimsæter er tante til den yngste av dei to som hang fast over Nordfjorden i løpet av natta. Ho var svært letta då han vart redda ned. (Foto: Geir Hundeide/TV 2)

– Det har vore eit dramatisk og vanskelig døgn for heile familien, seier Reidun Starheimseter. Ho er tante til den yngste av dei to som sat fast i korga.

– Eg trur ikkje det er så mange som sov så mykje i natt, guten er jo berre 18 år gammal og lærling, seier ho.

Ho er stolt over nevøen sin.

– Tøffing

– Han er ein tøffing, det har han bevist no, seier tante Reidun.

– Eg er kjempestolt av han og han som var med. Og ikkje minst dei som var med på å berga han, legg ho til.

– Korleis var det å sjå på dei rappellera seg ned?

– Det var nesten for spanande, seier ho.

FIRA: Dei to måtte fira seg ned frå korga, tysdag føremiddag. (Foto: Geir Hundeide/TV 2)

Dei to tilsette i Sogn og Fjordane Energi sat fast i ei korg over Nordfjorden i nesten eit døgn. Dei vart sitjande fast då dei dreiv på med arbeid på ei kraftlinje.

Tekniske problemet førte til at korga, som er ein meter brei og halvannan meter lang, vart hengande fast på kabelen mellom Stavenes og Agjeld i Stryn over Nordfjorden, rundt ein kilometer frå land.

Eit Sea King-helikopter klarte ikkje å redda gutane ned på grunn av vêret. Ei stund vurderte politiet å senda ut ei tilsvarande korg som den som fekk problem. Men dei valde å gå vekk frå den løysinga då dei frykta at redningsfolka og skulle setja seg fast.

– Relativt enkel operasjon

– Det var mange usikkerheitsmoment ved denne løysinga. Me måtte mellom anna ha kappa ein kabel som den gamle vogna hadde brukt, med den risikoen det inneber, seier Geir Olsen, operativ uteleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Difor vart løysinga å få om bord sekkar med tau og redningsutstyr slik at dei kunne fira seg ned til fjorden på eige hand.

LEIAR: Leiar for Sunnmøre alpine redningsgruppe, Jan Gunnar Hole, var med på redninga av dei to mennene. (Foto: Geir Hundeide/TV 2)

– For oss var det ein relativt enkel operasjon, seier Olsen.

– Korleis var reaksjonane frå dei to då dei kom seg ned?

– Det var gledesscener. Det er alltid kjekt å driva på med dette når det går bra, sluttar han.