Rå muskelkraft hjelpte bussen på vegen igjen
Bussen frå Trondheim til Oslo fekk problem på glatta. Passasjerane måtte trø til.
Lavprisekspressen sin buss frå Trondheim til Oslo fekk ein ekstra stopp på vegen sørover. Kring to timar sør for Trondheim var det stopp, og bussen fekk hjelp av passasjerane for å komma seg på vegen igjen.
Her kan du sjekka korleis vêret er langs vegane i landet
Ein av passasjerande som var på bussen fortel, at det heile var ganske udramatisk. Etter kring 20 minutt var bussen på vegen igjen. Då hadde ein lagt på kjetting og fått hjelp frå busspassasjerane med å dytta, fortel kvinna tok det festlege bilete, til tv2.no.
Busspassasjeren på veg til Oslo fortel at det er glatt på vegen og at det er så mykje snø i lufta at sikta er dårleg.
Bussen frå Trondheim har ei stund igjen, før den rullar inn i hovudstaden.
E6 over Dovrefjellet har vore stengt i eit døgn, og er mellombels stengt på grunn av uvær, melder Statens vegvesen.
– Det blir gjort ei ny vurdering i kveld kl. 19, seier Tor Nekstad i Vegtrafikksentralen i Midt-Noreg.
Sjå også: Buss på ville veier
| Publisert | 13.01.2012 15.05 |
| Oppdatert | 13.01.2012 17.09 |



