Prestestrid skaper opprør på Sunnmøre
Den folkekjære soknepresten i Herøy på Sunnmøre, Jens Terje Johnsen, er pålagt studiepermisjon av biskopen i Møre etter ein arbeidskonflikt.
Johnsen blei landskjend etter Bourbon Dolphin-forliset i 2007. Fleire tusen reagerer sterkt på måten biskopen har behandla soknepresten på.
Bakgrunnen for konflikten ved kyrkjekontoret skal vere samarbeidsproblem mellom soknepresten og nokre av dei tilsette ved kyrkjekontoret.
Dette skal ha pågått ei tid og botne i dårleg kjemi og usemje om arbeidsmetodar. Ole Arild Bø er nær ven av sokneprest Johnsen. Han og Johan Moltu var saman med Jens Terje Johnsen då han møtte biskopen om vanskane ved kyrkjekontoret.
– Folk lurer på kva som eigentleg har skjedd, men dette er ei arbeidskonflikt som er vanleg på mange arbeidsplassar. Det handlar ikkje om at soknepresten har forgripe seg på ein konfirmant. Det handlar ikkje om slike pikante saker, men om slitsame personlege relasjonar på kyrkjekontoret i Herøy, seier Ole Arild Bø.
Litt som Sponheim
– Jens er litt slik som Sponheim. Køyrer tøft, skal ha gjennom mykje og spør ikkje alltid kva andre meiner, seier Johan Moltu.
– Jens er klar over desse sidene sine og eg er overtydd om at han vil jobbe med seg sjølv for å få til eit godt arbeidsmiljø. Han har gjort at alle i Herøy har eit nært forhold til kyrkja si og folk vil ikkje finne seg i at han blir fjerna, seier han til TV2 Nyhetene.
Bourbon Dolphin
Sokneprest Jens Terje Johnsen blei landskjend etter forliset av ankerhandteringsfartøyet Bourbon Dolphin i 2007 der han gjorde ein stor innsats i sorgarbeidet. Fosnavåg og Herøy opplevde ein ny tragedie året etter då fire ungdomar omkom i ein husbrann. Også her blei Johnsen si evne til å trøyste sett stor pris på av dei etterlatne.
Ja til å vigsle homofile
Soknepresten i Herøy har vist seg som ein sterk forkjempar for asylsøkjarar og har flagga at han er for å vigsle homofile. Dette har gitt han mykje motstand, men folk i miljøet i Herøy seier desse sakene ikkje har noko med arbeidskonflikten på kyrkjekontoret å gjere.
Bensin på bålet
Biskop Ingeborg Midtømme seier til TV 2 Nyhetene at ho trur det at saka no blir flagga i media vil auke spenningsnivået og gjere det vanskelegare å få til ei løysing.
Ho set lite pris på at vener av soknepresten, som også var bisitjarar i møte med biskopen, går ut i media.
– Dei offentleggjer detaljar frå møte som eg er overraska over. Forslaget om studiepermisjon var noko dei sjølve gjekk inn for.
Derfor er eg også overraska over at dei kritiserer denne løysinga, seier biskopen i Møre som strekar under at denne saka handlar om å skape eit godt arbeidsmiljø på kyrkjekontoret i Herøy og ikkje noko anna.
| Publisert | 01.06.2010 21.19 |
| Oppdatert | 01.06.2010 21.31 |



