Politisambandet på plass igjen i Sogn og Fjordane
Politiet i Sogn og Fjordane innrømmer at systema deira ikkje taklar uvêret. – Ingen system taklar dette, seier operasjonsleiaren.
ÅRDAL SENTRUM: Det såg kaotisk ut i Årdal etter stormen. Foto: Frank Optun Smedegaard/Scanpix
Politiet i Sogn og Fjordane hadde store kommunikasjonsproblem tysdag. Både telefon og sambandsutstyr var nede. Onsdag morgon ser situasjonen betre ut.
– No er situasjonen tålig grei. Me slit visse plassar med fastnettet, men stort sett fungerar anten fastnett eller mobilnettet rundt omkring i fylket, seier operasjonsleiar Per Rimmen til tv2.no.
Har du informasjon om denne saken? Ikke nøl med å tipse oss!
Send oss en epost på tips@tv2.no eller RING/MMS/SMS til 02255
Han seier dei brukar føremiddagstimane til å sjekka linjene sine til dei ulike lensmannskontora i fylket, og det manglande telefon og sambandsnettet har vore utfordrande for politiet.
– Har det vore ein dramatisk situasjon?
– Dramatisk og dramatisk. Det skapar i alle tilfelle ein del ekstra arbeid for oss. Det vert noko meir tungvint å driva med redningsarbeid når vi ikkje kan kommunisera med sjølve staden, seier han.
– Ein dårleg situasjon
Tysdag ettermiddag gjekk det seks ras i bygda Flo. Operasjonssentralen hadde ikkje samband med styrkane på staden og visste lite om kva som skjedde. Heldigvis tok ikkje skreda folk.
– Kva om dette hadde skjedd på stader med meir folk eller bilar?
– Så lenge ikkje nokon kom til skade er det ikkje meir dramatisk for oss uansett kvar det skjer, seier Rimmen.
Saka held fram under biletet
KRAFTIG: Vinden herja kraftigt over heile Vestlandet. Her frå Årdal. Foto: Frank Optun Smedegaard/Scanpix
– Men kva om folk hadde vorte tatt av skreda?
– Då hadde me hatt ei utfordring. Men me måtte ha gjort det på same måte som no: oppsøke punkt der me har kommunikasjon og melda inn behov og gje ordrar derifrå, seier han.
Han innrømmer at det er ein dårleg situasjon å hamna i.
– Ingen system er gode nok
– Jobben blir jo gjort av dei som er ute i feltet, men det er vanskeleg å halda seg oppdatert for oss på operasjonssentralen og for dei ute er det vanskeleg om dei treng bistand, seier han.
– Er systema dykkar gode nok?
– Det er ikkje noko system som er bygd for dette, seier han.
Saka held fram under biletet
SATELITTELEFON: Helse Førde har tatt i bruk satelittelefonar for å halda kommunikasjonen oppe. Foto: TV 2
Han seier dei aldri har opplevd så massiv sambandssvikt som etter uvêra «Cato» og «Dagmar»
– At me mister telefon og samband til enkelte plassar skjer av og til, men ikkje så massivt som no, seier han.
Framleis manglar fleire områder i Sogn og Fjordane telenett på grunn av uvêret.
– Vi har ikkje oversikt om nokon har forsøkt å få kontakt med oss utan å lukkast med det, seier Bjørn Morten Øen, beredskapssjef i Helse Førde til TV 2.
Kystvakten bistår
Tysdag kunne TV 2 fortelja om ein familie som ikkje fekk tak i ambulansen, og difor måtte køyra og henta ambulansen sjølv. Då dei kom fram var pasienten død.
LES OGSÅ: Garasjen kan ha berga livet til Einar (89)
For å hindra liknande situasjonar set dei no inn kystvaktskipet KV «Ålesund», som skal bistå politi og helsetenesta.
Saka held fram under biletet
BISTÅR: Kystvakta bistår no for å transportera redningsmannskap og sjuke lang Sognefjorden. Foto: TV 2
– Den skal støtte i samband med samfunnstryggleiken som forflytting av pasientar som skal til sjukehus og personell som skal bistå i redningsarbeid, seier informasjonsoffiser Ivar Moen.
Brukar satelitttelefonar
Samstundes har helsetenesta sett inn ei rekkje tiltak for å sørgja for at folk kan få fatt i helsetenesta om ein naudsituasjon oppstår.
LES OGSÅ: Ein månad gammal baby evakuert over skred
– Vi har mobilisert ei rekkje satelitttelefonar som me har plassert på sentrale punkt utover i kommunane. Utover det har me styrka ambulansetenesta i kommunane Vågsøy, Nordfjordeid og Stryn, seier Øen.
| Publisert | 28.12.2011 10.35 |
| Oppdatert | 28.12.2011 10.35 |



