Innbyggjarane i Odda føler seg lurt av Rødt
I blodraude Odda har partiet Rødt hoppa til sengs med fienden.
11,5 prosent av veljarane i Odda røysta på partiet Rødt under valet førre måndag. Rødt er så langt unna dei borgarlege som ein kan komma.
I dag kom det politiske sjokket inst i Sørfjorden.
Føler seg lurt
Det viste seg nemlig at ei stemma på Rødt var ei stemma på fienden Høgres ordførarkandidat, John Opdal.
LES OGSÅ: Beskylder eks-ordfører (Ap) for å ha sviktet sykehuset i hjemkommunen
Fagforeininga føler seg lurt.
– Det er heilt uforståeleg for oss, seier Dagfrid Nilsen, leiar i Fagforbundet i Odda til TV 2 Nyhetene.
Òg i Sandnes føler veljarane seg lurt av politikarane. Les meir om det her.
Fagforeininga i Odda oppmoda før valet folk til å stemma Rødt.
– Er dette ei «til sengs med fienden»-kjensle?
– Ja, me føler oss lurt, svarar ho.
Ordføraren for fyrste gong sidan 1922
For fyrste gong sidan 1922 sit no Høgre med ordførarmakta i den vesle byen.
LES OGSÅ: Her risikerer de ansatte selv å bli NAV-klienter
Rødt strålande nøgd med avtalen. Men veljarane er forvirra.
Men om fire år kan ting vera totalt endra.
– Om Høgre ikkje treng støtta frå Rødt etter neste val, er det då på hovudet ut med dei då?
– Ja, då er det på hovudet ut, stadfestar John Opdal.
| Publisert | 19.09.2011 21.53 |
| Oppdatert | 19.09.2011 22.02 |


